Honnør til Setesdølen!

Det er viktig for oss alle saman at Evje & Hornnes blir marknadsført best mogeleg. Difor er det også særs viktig at den einaste lokalavisa, Setesdølen, skriv mest mogeleg om aktuelle saker i heimbygda vår. Gjerne med eit optimistisk forteikn.

Av Geir Daasvatn, leiar OpplevEvje

Redaktør Sigurd Haugsgjerd. Foto: Geir Daasvatn

Utan å ha forska så frykteleg djupt, meiner me å ha registrert at det jamt og trutt har blitt noko fleire saker frå Evje og Hornnes i avisa dei siste par åra. Dette er særs positivt – og viktig – for bygda vår. Fine saker, som til dømes den siste frå januar 2020 om utbygginga hos Bademiljø Ragnar Aas, laga av Ole Birger Lien, syner at aktiviteten i bygda er god og at optimismen rår. Denne optimismen spreiar seg som ringar i vatn. Me skal heller ikke undervurdere den gode effekten ein slik omtale har for den einskilde bedriften.

I tillegg til meir omtale av saker frå Evje og Hornnes i papiravisa, er Setesdølen som kjent også komen på nett. Sjølv om sakene på nettsida ikkje er opne for alle, kjem det oftare ut saker og informasjon som abonnentane kan lese. Dei treng ikkje lenger vente til tirsdag eller torsdag på siste nytt.

Me vonar Setesdølen vil halde fram med å omtale positive saker frå Evje og Hornnes. Samstundes er det minst like viktig med stoff frå alle dei andre setesdalskommunane. Meir innhald frå Evje og Hornnes må såleis ikkje føre til mindre frå Bygland, Valle, Bykle eller Åseral for den saks skuld. Nei, me håpar og trur – ja veit – at det er så mykje bra å skrive om i Setesdal, at avisa heller kunne utvidast med fleire sider for å få med alt.

Setesdølen er ein viktig samfunnsaktør. Setesdølen betyr mykje for Setesdal. Då er det veldig viktig at me alle stør opp om avisa så godt me kan; som abonnentar, lausaviskjøparar, annonsekjøparar eller på andre mogelege vis. Om me har noko som er kjært, må me ta godt vare på det 💝

 

 

 

Del "Honnør til Setesdølen!"