NMS takka gode hjelparar!

NMS takka gode hjelparar!

NMS takka gode hjelparar! 2048 1075 Geir Daasvatn

Tirsdag kveld var alle i Åneland og Omland kvinneforeining, Englevingen og NMS Gjenbruksbutikk inviterte til samvær på Blåkorshuset i Kyrkjebygda. Områdeutvalet i Det Norske Misjonsselskap i Otradalen ynskte å takke alle dei gode hjelparane for innsatsen for NMS. Om lag 25 frivillige var med på festen.

Terje Ulvøy frå Kvarstein i Vennesla er leiar i områdeutvalet, og ynskte alle hjarteleg velkomen.

– Me ynskjer å oppmuntre og inspirere til innsats for NMS ute i lokalforeiningane. På vegne av NMS vil eg takke kvar og ein av dykk for innsatsen de gjer. Me legg merke til, og set stor pris på, arbeidet de utfører!

Etter innleiinga hadde Åse Guldsmedmoen eit fint songinnslag.

Annonse

Misjonshistorie frå Madagaskar

Gro Gaudestad fortalde levande frå Madagaskar. Foto: Geir Daasvatn

Misjonær Gro Line Gaudestad fortalde om misjonshistoria på Madagaskar, og om eigne opplevingar som misjonær der saman med mannen Odd Gaudestad. Ho fekk god hjelp av Elisabeth Leifsen og Valborg Hauan, som begge har vore på Madagaskar fleire gonger. Det var nokre triste historiar, men også mykje fint å høyre. Iblanda ei gode dose humor. Det er utført eit enormt arbeid sidan engelske misjonærar starta verksemda på Madagaskar rundt 1816.

Etter ei god matøkt fortalde Valborg og fleire andre litt om kva Åneland og Omland kvinneforeining, Englevingen og NMS Gjenbruk eigentleg driv med.

Åneland og Omland kvinneforeining

Hovudsaka for Åneland og Omland kvinneforeining er den årlege låvebasaren på Kleveland. Innsatsen til og hjelpa frå Steinar Thorsen blei framheva. Før var basaren i det gamle skulehuset. Men der vart tilhøva etter kvart «forferdelege». Steinar tok då å snekra i stand fine lokale på låven sin, slik at basaren heller kunne vere der.

Åneland og Omland kvinneforeining må ellers vere ei av dei eldste foreiningane i bygda. Ho har eksistert minst sidan 1892, i følge Valborg. Arbeidet låg litt nede rundt 1920, då Flåt nikkelgruve var stengt og det helst var nedgangstider i bygda. Det var også liten aktivitet under 2. verdskrigen. Men med dei unntaka, har det altså vore kvinneforening for Åneland og Omland i meir enn 125 år! Ei fin og spesiell historie, er at Martha Haugen har vore medlem i heile 63 (!) av desse åra.

– Me treffast ei gong i månaden, fortel Kirsten Undeland. Då strikker me og lagar gevinstar til den store basaren, og har det ellers bare triveleg saman. Me er vel ni kvinner som er med i foreininga nå, og samværet er veldig sosialt givande. Det er også med og skaper eit fint samhold i grenda.

Martha Haugen, misjonskvinne og eit heidersmenneske i bygda vår. Foto: Geir Daasvatn

Englevingen

Englevingen har også til formål å stelle i stand ein årleg basar. Han er alltid på Tryggheim bedehus ein laurdag før jul, sist i november. Jentene i Englevingen er kjende for dei vakre englane som er mellom gevinstane, og lagar ellers utruleg mykje fint kvart år. Kvart år leverer Jostein Wasbø dessutan 20 spesialbaka og utruleg gode grovbrød som gevinstar til basaren.

– Me møtast også til ganske faste tider gjennom året, helst på tirsdagane, seier Kari Undeland Heisel. Me er så heldige at me har «klubblokala» våre i den staselege loftsstova til Marri-Ann Galteland i Tingbergheia.

Du kan lese mykje meir om Englevingen i ein tidlegare artikkel me har laga om dei.

NMS Gjenbruk

Elisabeth Leifsen er ein av dei mange gode hjelparane på NMS Gjenbruk. Foto: Geir Daasvatn

NMS Gjenbruk sel alt mogeleg brukt utstyr frå lokala sine ved sida av Setesdalstrykk i Kinovegen. Overskotet går til arbeidet til NMS. Butikken opna i 2006. Frå starten var han i Heimtun, oppe i Evje sentrum. Seinare flytta han ned i same bygget som biblioteket på Evje er. Men frå 2006 er tilhaldsstaden altså hos Setesdalstrykk. Butikken har ein stab på kanskje rundt 20 frivillige som delar på oppgåvene. «Vaktmeistar» Helge Stokkeland fekk mange godord for hjelpa han gir, og sjåførane Bjarne Haugjord og Olaf Bjørgum – som det er bileta av øvst i stykket her – blei rosa opp i skyene for innsatsen sin. Mykje fortent! Men ellers er det altså eit stort apparat som står bak drifta. Valborg Hauan er leiar for styret, og takka kvar og ein for den framifrå innsatsen dei gjer.

Takk for i kveld, og takk for innsatsen!

Åse Guldsmedmoen song nokre fleire vakre salmer, og avslutta med tekstlesing til musikk saman med Lindy Eidem og Kåre Eidem på orgel.

Terje Ulvøy takka på vegne av NMS for den gilde kvelden, og ynskte alle vel heim.

Det frivillige arbeidet til Åneland og Omland kvinneforeining, Englevingen og NMS Gjenbruk gav eit samla overskot på rundt 405.000 kroner i 2019. Alt blir overført til Det Norske Misjonsselskap og deira arbeid mellom anna på Madagaskar.

Heimesida til Det Norske Misjonsselskap

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!