Flåt nikkelgruve

Flåt nikkelgruve er ei nedlagd nikkelgruve i Mykleåsen i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes kommune. Sjølve gruva er stengt og plombert. Men det er mykje spennande å sjå oppe på overflata også, så gruveområdet er ein ypparleg stad for eit besøk for deg som er interessert i gamal gruvehistorie.

Flåt-gruva var først ei koppargruve. Holet i fjellet der malmen var teken ut, blei kalla Koparhola. I 1872 blei selskapet Interessentskapet Evje Nikkelverk formelt skipa, og same hausten kom gruva i drift som nikkelgruve. På slutten av 1800-talet var Flåt nikkelgruve den største nikkelgruva i Nord-Europa. I 1873 kom det smelteverk til Evje, Evje nikkelverk, og gruva og smelteverket var i drift til 1946.

Les meir om Flåt nikkelgruve på Setesdalswiki

Vår artikkel om dei nærliggande Landsverk-gruvene og Evje Mineralsti

Vår artikkel om turløypa til Mykleåsen

Ein hard arbeidsplass

Nikkelgruva, og det tilhøyrande Evje nikkelverk, var ein hard arbeidsplass. Minst 18 menneske omkom i arbeidsulukker i gruva eller på smelteverket, og mange vart hardt skadde. Det er reist ein minnestein over dei som omkom framføre den gamle gråsteinstippen i Flåt-gruva.

Korleis kjem du dit

Ta av mot Gautestad frå Riksveg 9 ved Evje kyrkje, eit par kilometer nord for Evje sentrum. Følg skilt vidare til gruveområdet. Om du kjem med bil, kan du parkere ved Flatebygd skianlegg. Derfrå følger du grusvegen forbi bommen opp til gruva. Det er kanskje om lag 500 meter å gå. Du kjem først til Gamlegruva. Går du litt vidare oppover i skogen, kjem du til Nygruva (Loddsynken). Kommunen har sett opp informasjonsskilt i området som fortel meir om kva du ser på dei einskilde stadane.

Ta deg god tid til å fundere over det harde gruvelivet medan du vandrar rundt i ruinane, og ha ei fin og interessant oppleving!

Kjelde: Setesdalswiki  med vidare tilvisingar

Geir Daasvatn sine bilete frå Flåt nikkelgruve

Kart over gruveområdet. Skisse: Setesdalsmuseet/Ronald Werner
Del "Flåt nikkelgruve"