Gullringstjønn rundt

Rundtur i historisk terreng!

Mange kjenner til GullringstjønnHannås. Ho er så fin å sjå ifrå Rv-9. Om du vil ha deg ein spasertur litt utanom det vanlege, er ein tur rundt tjønna absolutt noko me kan råde deg til å prøve.

Her kan du starte

Du kan starte turen ved inngangen til fjellhallane i Hannåsfjellet, bare på andre sida av vegen. Der er det grei parkeringsplass til bilen. Følg grusvegen austover gjennom skogen mot Strauman. Det er heimen til Heidi og Arild Gjeitrem. Kjem du på sykkel, noko som er veldig praktisk her, kan du sykle innover mot Strauman.

Mest framme ved husa i Strauman, tek du til høgre (sørover) langs ein bar fjellrygg. Stigen er ikkje merka, men tydeleg å sjå gjennom skogen. Du kjem til bekken som renn ut av Gullringstjønn og ned i Otra rett ved. Her er det ein gamal stem. Du hoppar over bekken, og følger bare stigen vidare sørover i skogen. I fleire lange strekk går han på bart fjell. Når du nærmar deg bustadfeltet Stemhei, kjem du forbi ei «likkvile». Det er nok ikkje tale om ei ekte likkvile dette her, i følge lokale folk. Men eit artig påfunn ihvertfall! I området du nå har gått, bare litt nærare Gullringstjønna, gjekk den gamle byvegen. Altså den som var FØR Postvegen, som kom gjennom Hornnes rundt 1840. Om du har tid, kan du ta ein avstikkar og få sjå dette spesielle kulturminnet også.

Turen fortset under biletet

Annonse

«Likkvila» ved Strauman ligg på ein bergrygg sør-aust for Gullringstjønn, vest for Otra. Ho er omtala i boka «Stå i stein» av Torfinn Normann Hageland, på side 111. Frå temmeleg påliteleg hald har me fått signal om at det nok ikkje er tale om  ei ekte likkvile… Foto: Geir Daasvatn

Følg fylkesvegen og jernbanelina tilbake til start

Vel framme ved Stemhei, følger du fylkesvegen ut til Rv-9. Kikk deg godt føre, spring over vegen, og du er inne på den gamle jernbanelina etter Setesdalsbanen. Nå følger du denne grusvegen nordover forbi Nedre Hannås, garden til den legendariske tømmerbilsjåføren Nils Thomas Hannaas, og er snart framme ved tunnelinngongane og bilen. Har du sykkelen borte ved Strauman, følger du bare jernbanelina vidare til du treff på vegen og du er så godt som tilbake til start.

Om du er mest glad i å gå heilt for deg sjølv, er det bare å snu ved Stemhei og følge stigen tilbake. Den turen blir då om lag 3 km. Går du heile runden, er det tale om rundt 4 km.

Kva med ein tur opp på Kleveknuten?

Denne vesle, men historisk interessante fjelltoppen ligg nå rett over vegen for deg. Opp til toppen er det kanskje 15 minutt å gå.

Jernbanebruene på Moisund

Ein kilometer sørover frå startpunktet, langs Rv-9, ligg to jernbanebruer delvis skjult av riksvegen. Den næraste er brua over Hannåsbekken. Dei bruene er også verdt ein stopp om du har tid.

God tur! 

Kart

 

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!