Håvestøl – Vetrhus – Yksenskor

Sykkeltur i nydeleg heieterreng
Ein fantastisk fin tur er å sykle på grusvegen mellom Håvestøl i Fiskårdalen i Åseral og Yksenskor i Hornnes. Du kan samstundes ta ein avstikkar til Vetrhus.

Skrive av Geir Daasvatn

Yksenskor er altså ein gard (gnr. 12) på heia aust for Dåsvatn øvst i Dåsvannsdalen i Hornnes. Det kom køyreveg fram til garden, Yksenskårvegen, frå Håvestøl i Åseral først rundt 1979. Fram til då var tilkomsten frå Dåsvatn gjennom Sydalen og opp ein veldig bratt stig det siste stykket (Skotet). Distriktslege Nils Ingemann Kile i Evje kjøpte garden i 1932. Han sette tidlig i 1940-åra opp våningshuset og uthuset som står på garden no. Son til doktor Kile, Elg Ingemann Kile, Evje, overtok eigedomen etter far sin. I dag (2020) har dotter til Elg, Ingunn Kile, overteke eigedomen.

Vetrhus er ein nedlagt heiegard (gnr. 13) på vestsida av Vetrhusvatnet, på heia mellom Byglandsfjord og Dåsvannsdalen. Han er nabogard til Yksenskor. Garden høyrde mest truleg til Moseid i eldre tider, men vart skild frå denne eingong på andre halvdel av 1500-talet. Det var same slekta som sat med Vetrhus i fleire hundre år. Men tobakksfabrikanten A. Asbjørnsen i Kristiansand kjøpte garden i 1934. Frå den tid er det han og borna hans som har eigd eigedomen. Då Yksenskorvegen blei bygd i 1978-1979, blei det også laga ein arm nordover til Vetrhus. Denne avstikkaren tek til ved Nautevadknuttane, og er om lag 2 km lang.

Annonse

Yksenskårvegen er stengd med bom. Så det er sykkelen eller apostlanes hestar du må lite deg på når du legg ut på denne turen. Såvidt me veit, blir vegen heller ikkje brøyta om vinteren.

Turen fortset under biletet

Vetrhusvegen fram til Vetrhus. I bakgrunnen skimtar me Vetrhusvatnet. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du dit

Du køyrer eller syklar nordover frå Dåsnes gjennom heile Dåsvannsdalen. Etter Øvre Dåsvatn kjem du til den bratte Linndalen. På toppen der er du over grensa til Åseral. Nå køyrer du nedover bakkane ein kilometers veg. Omtrent i botnen av bakken, rett før du kjem til Håvestøl, startar Yksenskårvegen på høgre sida av fylkesvegen. Det må finne ein grei plass å parkere, ein eller annan stad foran bommen, der du ikkje er til hindring for nokon.

Så er det bare å legge i veg innover grusvegen og oppover i heia. Det er veldig lenge sidan me har tatt turen, og hugsen er dårleg, så detaljane må du erfare sjølv! Men det er nokre parti med lange stigningar. Opp mot toppunktet, omtrent der avstikkaren til Vetrhus tek til, er det eit veldig fint utsiktspunkt mot Såtelitjørni. Derfrå går turen meir nedover og rundt tjønna fram til Yksenskor. Om du bare finn startpunktet for skogsbilvegen ved Håvestøl, er resten ikkje noko problem. Derfrå er det bare å følge vegen til endes, og – viktigast – nyte den fantastiske turen i det nydelege heielandskapet.

Lengda på vegen frå Håvestøl til Yksenskor er i Kultursoga for Evje og Hornnes sagt å vere 8,4 km. Om du i tillegg vil stikke innom Vetrhus, er den armen som nemnt 2 km lang. Att og fram er det då tale om ein tur på kanskje rundt 21 km. Det er ein del oppoverbakkar på turen innover i heia, men dei er ikkje veldig bratte. På den andre sida blir då heimturen ein fartsfest om du er på sykkelen.

God tur!

Kjelder: Setesdalswiki

Kart over området

Du vil kanskje også lese om turen gjennom Sydalen opp til Yksenskor

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

 

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!