Kallshovet

Flott utsiktspunkt på historisk grunn!

Kallshovet er ein karakteristisk, kjegleforma liten fjelltopp (293 moh.) på Kallhovd i Dåsvannsdalen i Hornnes. Det er bare ein kort tur å gå, men toppen er eit veldig fint utsiktspunkt.

– Når ferdamannen kom over heia frå vest og såg denne fjelltoppen som derifrå likna eit kalvehovud, fall det heilt naturleg å kalle denne fjelltoppen for Kallshovet, heiter det i Kultursoga for Evje og Hornnes.

Når du nærmar deg toppen, kan du langs stien sjå restane etter det som mest truleg er ei bygdeborg. Foto: Geir Daasvatn

Ein reknar det som ganske sikkert at det har vore ei bygdeborg på dette fjellet, då det er funne restar av ein nedramla borgmur. Tradisjonelt har arkeologane meint at bygdeborgene stammar frå folkevandringstida eller sein romartid. Det kravde stor arbeidsinnsats å bygge slike festningsanlegg. Borga er nok difor blitt til i ei spesielt uroleg tid, då det var behov for vern mot inntrengjande fiendar. Fjelltoppen er ein lageleg stad for eit slikt festningsanlegg, stupratt ned mot Dåsåna og svært bratt mot aust og nord. Fjellet ligg strategisk til som signalstasjon (vete), med vidt utsyn både nordover og sørover i Dåsvannsdalen, og vart kanskje brukt til det føremålet også. Men den lokale naturkjennaren Oddmund Mogstad tvilar på det. Han meiner fjelltoppen ligg alt for lågt i landskapet.

Det gjekk ein gamal ferdsleveg frå Hornnes til Åseral under Kallshovet.

Korleis kome dit

Frå rundkøyringa på Rv-9 i Dåsnes tek du av mot Bortelid, altså oppover i Dåsvannsdalen. Køyr forbi Hornnes barneskule, Jortveit og Kallhovd. Straks etter å ha passert dei siste husa på Kallhovd, men før du kjem til dei gamle militærgarasjane, er du rett under Kallshovet. På vestsida av fylkesvegen er det ein svær velteplass for tømmer. Om du parkerer der, går det ei traktorslepe oppover i terrenget på andre sida av vegen. Ho er merka av på kartet du finn lenke til under. Følg den slepa «rundt» til nordsida av Kallshovet og gå opp til toppen derfrå. Det er ganske bratt nokon stadar, men ikkje noko problem å gå. I lengde er turen knapt meir enn ein km. Vel oppe blir du lønna med eit fint utsyn sørover i Hornnes. Går du litt ut på nordre kanten, kan du sjå langt oppover i Dåsvannsdalen.

Sjå kart 

Kjelder

Sjølv om ein tur til toppen av Kallshovet bare er ein kort svipptur, er belønninga stor. Foto: Geir Daasvatn

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!