Kjuklingheia – Høgås

Kjuklingheia er ein ås mellom søre enden av Lisle Stangevatn og Store Stangevatn, på heia rett aust for Høgås skianlegg mellom Flatebygd og Gautestad i Evje.

Det er merka sommarløype til toppen frå Høgås skianlegg. Det er også merka vinterløype frå postkasse i skiløypa Kjuklingheia rundt. Kjuklinghei er ein av toppane i Otra IL skigruppa sitt Ti toppers-opplegg i 2020.

Ved toppen av Kjuklingheia finn du klyppetanga for Ti Toppers. Foto: Geir Daasvatn

Ein tur til Kjuklingheia er ikkje ein tøff treningstur, men heller ein roleg spasertur i det idylliske myr- og skogslandskapet som er så typisk oppover på desse traktene.  Det er vel om lag 2 km frå starten ved skianlegget til toppen av heia. Første delen følger den tilrettelagte skiløypa. Her er det småkupert terreng. Litt over halvvegs skiller turløypa og skiløypa lag. De siste strekket er gjennom skogen, med ganske jamn stigning mot toppen. Så er det bare å ta same vegen tilbake.

Det lette terrenget og mjuke underlaget gjer dette til ein ypparleg tur også for borna. Så pass på å ta dei med!

Korleis kome deg dit

Frå Rv-9 tek du austover og oppover frå Evje kyrkje mot Flatebygd på Gautestadvegen. Du køyrer forbi Flatebygd, Åvesland og Klepsland. Ikkje så langt etter Klepsland kjem du til skilt som syner vegen til Høgås skianlegg. Der er det grei parkeringsplass. Du går forbi varmestua til skigruppa, på grusvegen vestover mot Åsen. Etter eit par hundre meter, ved ein skogsbilveg med bom, skal du forlate vegen og gå inn i skiløypa. Heile løypa, heilt frå starten ved skianlegget, er godt merka med blå band. Så det skal vere bortimot umogeleg å gå feil.

Det er nydeleg, mjukt underlag heile vegen til toppen. Nokre få stadar i myrene kan det vere litt blautt. Me har gått greit gjennom løypa på joggesko utan å bli blaute på beina. Men om det har vore litt nedbør, eller tidleg på våren eller seint på hausten, kan det nok vere greitt å ta på skikkelege tursko.

Me ynskjer deg og turkameratane dine ein fin tur på heia!

Kart over området 

Undervegs på denne turen får du eit ganske godt inntrykk av den høge standarden på løypene i Høgås skianlegg, som Geir Magne Feed og dugnadsgjengen hans har stelt i stand. Foto: Geir Daasvatn

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Kjuklingheia – Høgås"