Langs Lindåna

Sykkeltur og balsam for sjela!
Heilt sør i Evje og Hornnes renn Lindåna frå Skranevatn til Otra. Det er veldig fint å kombinere ein sykkeltur langs elva med ein innlagt fottur opp til Skranevatn.

Lindåna renn bratt ned lia frå Skranevatn. Men nede på flata blir ho til ei stille og idyllisk elv i det trivelege skogslandskapet. Ho renn til slutt ut i Ærekilen på Vestre Hodne. Ved Eikåsen ligg Lindåna kraftverk, eit lite småkraftverk som nyttar fallet frå Skranevatn. Om du startar turen frå Slettefet, på den gamle Postvegen, kjem du forbi den spesielle Tyskarvegen, som blei påbegynt av okkupantane under krigen men aldri gjort ferdig.

Ei av dei svære steinfyllingane som ligg att etter vegarbeidet under 2. verdskrigen. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kome dit

Vårt forslag er at du startar ved Slettefet, med samme utgangspunkt som løypa etter den gamle Postvegen. Slettefet ligg bare ein sving sør for den lange sletta på Rv-9 forbi Moisund. Det er parkeringsplass for 1-2 bilar på vestsida av vegen, framfor bommen, omtrent midt på sletta. Nå kan du anten gå eller sykle vidare, alt etter kva du likar best sjølv. Me brukar helst sykkelen innover her. Følg den gamle Postvegen forbi Hodnemoen. Hugs å kikke til høgre etter steinfyllingane og fjellskjeringane etter Tyskarvegen. Du kan sjå det underlege prosjektet fleire stadar.

Du kjem etter kvart til den nydelege Hodnekilen. Her skal du ta til høgre, og følge Eikåsvegen vestover. Ved neste vegkryss skal du også halde til høgre, slik at du kjem på nordsida av Lindåna. Tek du feil i det krysset er ikkje skaden så stor. Då følger du bare den gamle Postvegen vidare sørover. Det er ein like fin tur!

Annonse

Men tilbake til Lindåna. Nå er du inne i eit verkeleg idyllisk område. Du kjem forbi eit lite hyttefelt, og til slutt Lindåna kraftverk.

Lindåna kraftverk. Til høgre ser du vegen du må følge for å kome opp til Skranevatn. Foto: Geir Daasvatn, 2014

Om du vil snu nå, og sykle tilbake, har du alt hatt ein flott tur. Men me vil anbefale deg å sette sykkelen ved kraftverksbygget, og følge den litt bratte grusvegen opp langs elva vidare til utlaupet av Skranevatn. Også rundt Skranevatn er det veldig fint, så slitet med gåturen opp bakken betalar seg! Som ein bonus er det omtrent midt oppe i den lange bakken sett opp raude og blå merke, som syner vegen til nokre fantastisk fine utsiktspunkt. Så om du har god kondis og god tid; ta ein avstikkar her!

Ved Skranevatn høver det veldig fint å ta ein matpause og noko å drikke. Så kan du bare snu og ta same vegen heim att.

Eit tøft alternativ

Om du ønsker deg ein lengre treningstur på sykkelen, kan du starte på same staden, altså ved Slettefet. Men når du kjem til kraftverket, hoppar du av sykkelen og trillar han opp den lange bakken til Skranevatn. Derfrå syklar du den lange Skranevannsvegen heilt ut til starten på Haugland ved Abusdalsvegen. Du tek austover mot Tønnesland og ned bakkane til Hannåsmoen. Då er du tilbake ved Rv-9. Nå følger du ruta til Nasjonal Sykkelrute nr. 3 sørover forbi Moisund tilbake til Slettefet. Me har ikkje målt lengda på turen. Men truleg er det tale om rundt 11 km.

God tur!

Kart over området

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!