Langs Vikstølvegen til heiegarden Vikstøl

På heia mellom Flatebygd og Gautestad går Vikstølvegen frå Suva sørover til den fråflytta heiegarden Vikstøl. Turen går gjennom noko av det mest idylliske landskapet vi har i bygda vår. Ein sykkel- eller spasertur her ein varm midtsommarkveld er uforgløymeleg.

Frå starten ved Suva går Vikstølvegen først forbi Prestøygardsvatnet og Storøygardsvatnet. Det er mange hytter rundt desse vatna, på nokre eineståande fine tomter. Du kjem forbi Storøygarden i austre enden av Storøygardsvatnet, og dei svære Voylemyrane og Kartmyrane. Ved Voylan, eit par-tre hundre meter til side for vegen, er det ein nydeleg badeplass. Så dukkar det første bruket i Vikstøl-garden opp,  Grova. Vegen svingar seg vidare rundt Grovekilen, og opp ein bakke til dei neste bruka i garden. Det inste bruket, der bygningane er temmeleg nye, heiter Blomekra.

Underteikna har mykje vore ved Vikstøl i kveldinga, for å kikke på solnedgangen. Litt ut på sommaren er det nydelege enger med fine sommarblomar der. På vårparten bugnar det av kvitveis. Om de er to, er det veldig fint å pleie romantikken innover i traktene her.

På alle dei tre bruka på Vikstøl kan du finne att gamle hustufter og mange andre spor etter tidlegare busetting. Dei ligg litt lenger oppe i bakkane enn husa gjer i dag. Om du er interessert i lokalhistorie, eller bare handfaste spor etter eldre tider, er dette eit fantastisk område å utforske nærare.

Frå Suva til Vikstøl vil vi tru veglengda er rundt 2,5 km. Går eller syklar du heilt inn til siste gardsbruket på Vikstøl, blir det altså ein tur på om lag 5 km tur/retur.

Tur langs Vikstølvegen ein nydeleg junikveld i 2015. Foto: Geir Daasvatn

Eit par-tre alternativ

Håtveitfossen 16. juni 2019. Foto: Geir Daasvatn

Etter at dei siste husa på Vikstøl er passert, går vegen vidare rundt Vikstølvatnet til Håtveitfossen. Vikstølvatnet er regulert, så det er ikkje alltid så mykje vatn i fossen. Men på hausten, og ved flaum i vassdraget, er fossen eit mektig syn. Om du ikkje har sett han før, er det ein god idé å forlenge turen frå Vikstøl hit. Det er ikkje meir enn kanskje 500 meter ekstra, eller 1 km tur/retur. Er du på sykkeltur, kan du sykle heilt fram til fossen.

Vil du gjerne ha ein endå lengre tur, kan du finne den gamle vegen mellom Håtveit og Vikstøl rett på austsida av Håtveitfossen. Så følger du bare stigen gjennom skogen til Håtveit. Det er også ein gard uten fast busetnad, men der husa framleis er i bruk som fritidsbustad. Turen langs den stigen, med elva rett ved sida, er veldig fin! Dette siste strekket må du gå til fots. Vi har omtalt turen langs Håtveitåna i ein eigen sak.

Endå eit alternativ er å ta over brua over Håtveitåna, og gå eller sykle ned til Kleveland ved Arendalsvegen. Om du har nokon som kan hente deg der, er det eit fint alternativ.

Ein siste idé vi vil nemne, er ein rundtur på sykkelen. Om du startar frå Evje sentrum kan du sykle Evjevegen forbi skulane til Evje kyrkje, Gautestadvegen til Suva, Vikstølvegen til Håtveitfossen, hyttevegen vidare til Kleveland, og tilbake til Evje langs Arendalsvegen (Fv-42). Det er ei fin utfordring! Men å sykle langs hovudvegen er ikkje alltid så gøy. På ein slik langtur får du kanskje heller ikkje så god tid til å nyte stilla og freden som kjem over deg, om du sit i blomsterenga oppe på Vikstøl og bare gledar deg over sommarkvelden!

Korleis kome dit

Følg Gautestadvegen frå Evje kyrkje forbi Flatebygd og Åvesland til Suva. Rett etter at du har passert Suvabrua, tek Vikstølvegen til. Det er sett opp skilt om at det er privat veg. Så finn ein grei stad å sette bilen før det skiltet. Så er det bare å følge vegen sørover langs dei vakre vatna, anten du er ute på sykkeltur eller vil bruke god tid og apostlanes hestar.

God tur!

Kart over området

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

 

Del "Langs Vikstølvegen til heiegarden Vikstøl"