Matkronvegen – Bjørndalen

Idyll gjennom gamalt gards- og heielandskap
Matkronvegen tek til frå Fv-42 ved Bjørndalsvatnet, på heia heilt vest i Hornnes. Frå parkeringsplassen ved vatnet kan du sykle nordover rundt 10 km på fin grusveg, forbi gamle gardsbruk og gjennom idyllisk heielandskap langs Gunnarsåna, heilt til Nedre Øyvatn.

Litt historie

Første stykket av vegen, frå Bjørndal til Gåseflå, stod ferdig 3. oktober 1959. Andre parsellen, frå Gåseflå til Matkrona, blei ferdig hausten 1963. Desse to vegstykka vart bygde som vanlege bygdevegar. Så, i 1963-1965, bygde ein skogsbilveg frå Matkrona, forbi Gunnarsvatnet fram til Nedre Øyvatn. Dette siste vegstykket er kring 7 km langt. Det var sju skogeigarar frå Hornnes-garden, Tveit og Bjørndalsbygda som kosta vegen. Då vegen kom, vart det mogeleg for skogeigarane å ta ut store verdiar frå dei svære skogane i Bjørndalen.

Ved Haukeli, i den skarpe svingen rett før du kjem til (sør for) brua på biletet ovafor og nokre meter opp i skogen, ligg den gamle husmannsplassen Haukelia. Du ser igrunnen rett mot staden på biletet. Her budde det folk frå rundt 1850 til om lag 1910. Ta deg tid til ein avstikkar inn i skogen, der du kan sjå dei gamle husmurane og andre spor etter det vesle gardsbruket som var her i si tid.

Les masse meir om Kosånavassdraget og alle turmogelegheitane i området

Annonse

Turen fortset under biletet

Det nedlagte gardsbruket Matkroni. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kome dit

Køyr eller ta sykkelen på Fv-42 frå Kjetsåkrysset, ved Julehuset til Kjell Rune Strømstad, om lag 15 km vestover mot Sveindal. Ved Bjørndalsvatnet er det stor og grei parkeringsplass, ved rasteplassen ved vatnet, om du kjem med bil.  Herfrå er det bare å få sykkelen forbi bommen ved starten av vegen, og så er ein utruleg fin sykkeltur i gang!

God tur!

Sjå området på Norgeskart.no

Kjelder: Setesdalswiki med vidare tilvisingar

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Nedre Øyvatn er endepunktet for vegen. Foto: Geir Daasvatn

UTVALGTE BEDRIFTER FRA BEDRIFTSOVERSIKTEN

     

    Hei. Lurer du på noe?

    Send
    ei melding, så hører du fra oss!

    X