Moi gravfelt

Moi gravfelt ligg på garden Moi sin grunn, på Moisund sør i Evje og Hornnes. Feltet ligg ved Moibekken, i skogen om lag 200 meter vest for den gamle Skrivargarden. Det er registrert 26 haugar, 18 rundhaugar og åtte langhaugar.

Skrive av Geir Daasvatn

Feltet ligg tett inntil dyrka mark, så det er ikkje urimeleg å rekne med at nokon fleire haugar kan ha blitt jamna ut under dyrking. Det kan difor ha vore endå større opphaveleg.

Haugane er ikkje sikkert tidfesta. Men ein reknar med at dei aller fleste gravhaugane i Evje og Hornnes stammar frå folkevandringstida (400-570 e.Kr.). Riksantikvar N. Nicolaysen undersøkte seks av haugane i 1902. Han fann svært lite av interesse, og gjekk ikkje vidare med undersøking av fleire haugar.

Gravfeltet er det best bevarte i Evje og Hornnes, og eitt av dei største i Setesdal. Men det er lite synleg, og ikkje tilgjengeleg med bil. Det er heller ikkje skilta frå Riksveg 9. Du kan likevel lett finne det, om du går eit lite stykke innover i skogen langs Moibekken. Kartet under her kan også hjelpe deg; sjå etter Haugemoen.

Sjå kart over området

Kjelder

– Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, bind I, Evje og Hornnes bygdeboknemnd, 1990, side 37-41
– Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemnd, 1969, side 512
– Kulturplan for Evje og Hornnes 2010-2020, vedteke av Evje og Hornnes kommunestyre i møte 12. november 2010
Moi gravfelt på Kulturminnesok.no
– Artikkelen om Moi gravfelt på Setesdalswiki

Dei fleste haugane har ei grop i toppen, og ser ut til å vere gravne i. Foto: Geir Daasvatn
Del "Moi gravfelt"