Nipelivarden

Fint utsiktspunkt i Gautestad Hyttefelt

Nipelivarden er eit lite fjell (650 moh.) aust for Gautestad og Høvringsvatnet, heilt nord-aust i Evje og Hornnes kommune ved grensa mot Froland.

Toppen er eit fint turmål, til dømes for ein grei, liten søndagstur, og eit flott utsiktspunkt.

Korleis kome dit

Turen kan starte frå Gautestad kurs- og misjonssenter. Ein følger Nipelivegen ein kilometer, Tonestjønnvegen 100 meter og Fjellenden 300 meter. Derfrå følger ein skiløypa 100 meter mot nord-aust og sti til toppen. Løypa er ca 1,7 kilometer frå Misjonssenteret og ca 0,7 kilometer frå starten av Tonestjønnvegen. Frå Evje kyrkje til Gautestad er det ein køyretur på ca 14,5 kilometer.

Sjå kart over området

Kjelde: Setesdalswiki

Nipelivarden. Foto: Geir Daasvatn

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!