Rjukanfossen – Tovdal

Mektig naturoppleving!
Rjukanfossen er den største fossen i Tovdalselva. Fallhøgda er 45 meter. Han ligg ca 3 kilometer nord for Dale i Tovdal i Åmli, heilt sør i Årdalen naturreservat.

Skrive av Geir Daasvatn

Tovdalselva er ikkje regulert, og fossen har som oftast ei stor vassføring. Han er ei mektig oppleving! Vidare nordover ligg Årdalen naturreservat, som strekker seg inn i Bygland kommune. Det er eit større samanhengande naturområde som er lite påverka av menneskelege inngrep. Det er ei stor oppleving å gå gjennom Årdalen, om du har tid og krefter til det.

På heimvegen kan du stanse rett nord for Austenå og beundre den vakre fossen Staddaren. Køyr sakte gjennom Austenå og ta ein kikk på dei gamle stolpehusa. Vi vil også råde sterkt til eit stopp ved Hillestad Galleri. Ja, dette er bare noko av det du kan oppleve på ein tur her oppe. Tovdal er sanneleg verdt eit sommarbesøk!

Annonse

Korleis kjem du dit

Frå Evje køyrer du Fv-42 mot Arendal. Mellom Mjåland og Mykland tek du inn på den litt smale vegen mot Øvre Lauvrak og Bås. Ved Bås svingar du oppover i Tovdal. Følg vegen heilt til endes, til Dale. Vi vil anslå at du bruker om lag 1 time frå Evje til Dale.

På Dale er det lagt til rette med snuplass og parkeringsplass, og fine informasjonstavler som fortel vegen vidare. Løypa er godt merka, og går i idyllisk skogsterreng, på vestsida av elva. Lengda på turen er altså rundt 3 km, eller 6 km t/r. Det er ikkje noko tung løype, med unntak for eit par litt bratte parti. Barn kan gjerne vere med på turen. Vi har gått oppover her på gode joggesko, på ein fin solskinnsdag. På ein litt blaut dag kan det nok vere glatt nokre stadar. Då er sikkert gode tursko endå betre.

I biletgalleriet nedanfor kan du få eit lite førehandsinntrykk  av turen.

God tur!

Kart over området

Trykk på bileta for forstørring

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!