Evje Mineralsti er endeleg open for publikum igjen. Det er Setesdalsmuseet som skal stå for drifta, førebels i ein 2-årsperiode.
Mineralstien er oppe dagleg kl. 11-17 til 15. august 2020.
Mandag ettermiddag var leiaren på Setesdalsmuséet, Leonhard Jansen (t.h.), som snarast innom Mineralstien. Der traff han den entusiastiske fagansvarlege for geologi ved muséet, Ronald Werner, som skal vere på staden i heile sommar. Dei hadde mykje spennande å diskutere, og mange idéar for den vidare drifta.
Evje Mineralsti er ein av dei mest interessante attraksjonane i Evje & Hornnes, spesielt om du er steingalen Me vil kome attende med mykje, mykje meir frå denne spennande staden utover sommaren.
Geir Daasvatn sine bilete frå Evje Mineralsti