Frå fugleriket: Ligg unna dama mi!

Naturen er så mangfoldig. Akkurat som me gutar på ulike vis kan «sloss» om damene, går det same føre seg mellom fuglane. Ein tidleg morgon for mange år sidan kom desse kanadagjessa susande forbi kameraet mitt, då eg var ute og lufta Bamse nede ved Voilan i Hornnes. Meg ensa dei ihvertfall ikkje!
– Død og pine! Der kjem det jammen ein frekkas inn frå sidelinja og vil robbe dama mi!
– Men det skal me bli to om! Eg skal jammen meg syne deg kor Moses kjøpte ølet!
– Ha deg vekk, din lakatarm!
– Husj! Unna med deg!
– Ja, her yppa du deg mot feil gås altså!
– Sjå det, ja. Der tok du deg vatn over hovudet!
– Nå får me nok fred ei stund, og kan kose oss med kvarandre, kjære!
Del "Frå fugleriket: Ligg unna dama mi!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.