Leif Jørgen har skrevet de aller fleste sakene vi har laget fra næringslivet i bygda. Han fortsetter gjerne å produsere gode og fengende tekster. Det er bare å ta kontakt. Foto: Geir Daasvatn

Satsar endå meir på nettsida

Me som driv OpplevEvje syns sjølve at me etter kvart har fått bygd opp ei bra nettside, OpplevEvje.no. Dei siste månadane har vår gode tekniske helpar Inge Fredriksen gjort eit stort arbeid med utsjånaden og funksjonaliteten. Framover i haust og vinter vil vi prøve å jobbe endå meir med sjølve innhaldet. Først og framst er målet å publisere nye saker oftare enn før.

Det er eit enormt arbeid å drive ei nettside på ein god måte. Endå større er arbeidet med å få folk til å kikke innom og lese sakene på sida. Me har bra besøkstal alt i dag. Men me ønsker å få endå mange fleire til å lese det me legg ut av stoff frå heimbygda vår og dei næraste områda rundt. Målet vårt er jo å fortelle flest mulig om alt det fine som Evje & Hornnes har å tilby. Det målet kan me sjølvsagt bare nå om nokon les det me skriv.

Fleire nye saker

Geir er tilbake bak skrivepulten på Farmo, og gledar seg til masse gøy skriverier utover hausten og vinteren. Foto: Privat

Det viktigaste for å opp å gode lesartal er truleg at nye saker blir publisert regelmessig. Me to som skriv, Leif Jørgen Versland (bildet øverst) og underteikna (t.v.), har ikkje ubegrensa med korkje tid eller krefter. Me har derfor ikkje kapasitet til å drive OpplevEvje.no som ei avis. Men innanfor den ledige tida me har, og det me kan orke, vil me framover prøve å lage nye saker og publisere litt oftare. Målet akkurat nå er ein ny sak minst annankvar dag. Men alt første månaden, juli, «sprakk» den planen totalt. Me kom opp i dobbelt så mykje, nesten ein ny sak kvar dag. Så planen framover er at det skal kome ut minst ein ny artikkel på nettsida kvar dag, sju dagar i veka.

Med oftare publisering av nye saker, håpar me at stadig fleire vil klikke seg inn på nettsida vår og lese artiklane me legg ut. For oss sjølve er det rimelegvis mest moro og motiverande om nokon les det me skriv. Men høgare besøk på nettsida kjem også alle bedriftskundane våre til gode. Det blir meir naturleg å klikke seg vidare til bedriftsoversikten, når ein først er inne på nettstaden. Me har også lagt ut lenker til alle bedriftsoppføringane rundt om på dei ulike sidene. Om fleire er innom OpplevEvje.no, vil også fleire klikke på lenkene til presentasjonane av dei ulike verksemdene. På sikt, om me skulle ønske å selge annonsar på nettstaden, vil sjølvsagt gode besøkstal vere heilt avgjerande for kva slags pris me kan ta for slike tenester.

Me skal arbeide hardt for å få til ei vidare positiv utvikling av OpplevEvje.no, og håpar du er med oss på vegen!

 

 

 

Del "Satsar endå meir på nettsida"