Stein Uleberg var engasjert av Evje Folkehøgskule til å bistå då skulen hadde slakting og tilbereding av lam onsdag og torsdag. Heile arrangementet gjekk føre seg i Vrålsås, ei fin sandstrand langs Dåsåna litt ovafor Hornnes barneskule. Stein har sendt oss ein liten rapport etter dei spennande dagane.
Evje Folkehøgskule på Facebook
Første dagen deltok om lag 30 elevar. Nokon kom med kano og andre med med buss. Den vidkjende sauebonden og saueklypparen Sven Reiersen kom med lam. Desse blei avliva på profesjonelt vis, i påsyn av alle elevane. Etterpå var det slakting og partering. Lunsjen var steikt lammehjarte og blodpannekake.
Saka held fram under biletet
Torsdagen starta med å varme steinane i kokegropa og legge kjøtet oppi. To lam blei steikte i rundt tre timar. Det blei eit heilt fantastisk mørt og saftig kjøt. Ei gruppe med elevar kutta grønnsaker og poteter, som også blei kokt i kokegropa. Middag blei servert for opp mot 80 personar!
– Folkehøgskulen var imponert over Vrålsås og kjem garantert til og bruke den plassen mykje framover, understrekar Stein.
Klikk på bileta for forstørring (Alle foto: Evje Folkehøgskule)