Alfred Skaiå – ein helt frå krigens dagar

Alfred Skaiå – ein helt frå krigens dagar

Alfred Skaiå – ein helt frå krigens dagar 2048 1082 Geir Daasvatn

Eg er glad i å farte rundt i bygda med fotografiapparatet mitt. 17. mai 2014 var eg ved Hornnes kyrkje og tok bilete då ordførar Bjørn A. Ropstad la ned krans på minnesteinen som står utanfor kyrkja til minne om dei honndølane som mista livet i fridomskampen 1940-1945.

Når eg seinare har sett gjennom bileta, har eg kome til å tenke litt nærare på kven dei  eigentleg var, desse tre mennene som har fått namna sine rissa inn på steinblokka utanfor kyrkja.

Eg kom i hug å ha lese litt om eitt av namna, Alfred Skaiå, i Otra-boka som Olav Arne Kleveland skreiv til idrettslaget sitt 50-årsjubileum i 2010. Skaiå var styremedlem i Evje arbeidaridrettslag under 2. verdskrigen, og blei saman med fleire andre i styret arrestert og sendt til Tyskland. Men han kom aldri heim att. Meir var det ikkje å lese om han der.

Så veit eg og at det er ein vegstubb i Krossen som heiter Alfred Skaiås veg. Eg reknar med at han er oppkalt etter same Alfred Skaiå som omkom under krigen, men har aldri tenkt nærare på det før no.

Men eg har funne ein artikkel om Alfred Skaiå i Fædrelandsvennen 7. mai 2014, skriven av Alfred sin nevø, Anders Skaiå. Her kunne eg lese litt meir om kva som hende Alfred etter at han vart arrestert.

Alfred Skaiå. Biletet er utlånt av Arild og Anders Skaiå

Alfred Skaiå var altså frå Hornnes. Han var fødd 19. juni 1920 og døydde i Sachsenhausen fangeleir i Tyskland 17. juni 1944, berre 24 år gamal.

Alfred var med i ei kommunistisk motstandsgruppe på Sørlandet, med utspring i Kristiansand. Dei fleste medlemene var knytta til Norges kommunistiske parti eller arbeidarrørsla. Han blei arrestert av tyskerane 7. september 1942. Han vart sett inn på en celle på Arkivet i Kristiansand. Under opphaldet her blei han kraftig torturert. Same hausten blei han sendt vidare til Grini fangeleir.

15. februar 1943 vart Skaiå først sendt til fotografering på Møllergata 19 i Oslo, og etter det  vidare med skip til Århus i Danmark og til slutt til Sachenhausen fangeleir i Tyskland. Her døydde han altså natt til 17. juni 1944 etter svært store sjukdomspåkjenningar.

Anders Skaiå skriv i den nemde artikkelen i Fædrelandsvennen at onkelen kom inn i konsentrasjonsleiren som Alfred, men vart fråteken identiteten sin, og døydde som fangenummer 61109.

Men i Hornnes vil Alfred Skaiå aldri bli gløymt. Namnet hans er som me alt har høyrd inngravert på minnesteinen ved Hornnes kyrkje, til minne om dei honndølane som mista livet sitt i fridomskampen.

Merknad

Etter at eg skreiv dette stykket i 2014, har eg fått lese eit privat hefte som familien (Arild og Anders Skaiå) har laga om Alfred. Her har eg fått vite meir om Alfred, kven foreldra var, oppveksten hans i Krossen, kva han dreiv med i arbeid og fritid og kommunistgruppa som var på Evje under krigen. Det er eg svært takksam for.

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!