Dikt: Skardtjønna

Dikt: Skardtjønna

Dikt: Skardtjønna 2048 722 Geir Daasvatn
Knut Olav Daasvatn vaks opp på Farmo ved Kjetsåkrysset i Hornnes. Han har skrive dette fine diktet om Skardtjønna, den vesle tjønna som er delt i to av Riksveg 9 ein kilometers veg sør for Mineralparken.

Skardtjønna

Skardtjønna der eg pla fiske skjebber, ligg beskjedent
til i skogen mellom Kjetså og Hestvåg, delt i to av riksveg 9

klynger av vassliljer ligg spreidde utover vatnet
eg tenkjer på korleis blada – tjønnas grøne pupillar,
fangar lyset med klorofyllet sitt

på Kjetså-sida ligg Myra, der tante og onkel til far min budde
ein liten bekk renn forbi dei få husa, og ut i tjønna
straumkvervlane rekk ein meter eller to ut, så stoggar all rørsle

Annonse

her og der stig ei boble frå forrotningsprosessane
opp frå mudderet, og sprekk mot den oljeblanke flata
og akkurat der, kor alle oppløyste partiklar
får falle til botnar – der flyt det friske nykkeroser
på ei skjør hinne

Artikkelen fortset under biletet

Nykkrose i Skardtjønna 1. juli 2020. Foto: Geir Daasvatn

Knut Olav Daasvatn

Knut Olav 2012. Foto: Geir Daasvatn

Knut Olav er fødd i 1969. Han er seniorkonsulent ved Molekylærbiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. Han er utdanna biokjemikar. Han vaks altså opp i Hornnes, og er son til Arne Daasvatn og Gerd Herborg Mæsel Daasvatn.

Sidan 1998 har han hatt ulike administrative stillingar ved Universitetet. Før han gjekk over i administrativt arbeid, dreiv han med forsking. Han har publisert fleire vitskaplege artiklar.

Knut Olav hadde lenge hatt skrivetrong. I godt vaksen alder, i 2007, skreiv han sitt første dikt. Frå 2009 har han vore fast bidragsytar til tidsskriftet Kraftverk, som Bergen kommune gjev ut. Han er med i Kammerpoetane, eit ensamble av poetar og musikarar, som nokre gonger i året møtast for å halde konsert med eigen musikk og eigen poesi. 23. mars 2014 hadde dei poesikonsert i Hornnes kyrkje, i Knut Olav si heimbygd.

Knut Olav har også nytta Dagbladet sitt Diktkammer som verkstad og møtestad med andre poetar. I april 2012 og mai 2013 var han «Månadens diktar» i Dagbladet. I 2011 og 2012 hadde han fleire dikt i Jol i Setesdal.

Ved sida av diktskrivinga er Knut Olav ein habil gitarspelar, og han bygger sine eigne gitarar.

Kjelde: Setesdalswiki

Me gjer merksam på at Knut Olav Daasvatn er bror til artikkelskrivaren.