I ei sjølvbetjent lita bu i Alfred Skaiås veg i Krossen har Anita Klausen på Lundemo Gård i sommar starta opp tenesta «Din lokale bonde», med utsal av varer frå lokale bønder.
Anita har starta opp bua med siktemål å støtte den lokale bonden.
Opplegget er at du sjølv finn dei varene du vil kjøpe, og deretter vippsar beløpet du skal betale til produsenten. Eller, sagt med litt andre ord, bonden bak produktet.
Saka held fram under biletet
Me kikka bare kort innom ein svipptur laurdag formiddag for moro skyld. Så ei heilt presis opprekning av kva for varer du kan få kjøpt her skal me ikkje gje oss ut på. Men mellom dei produsentane me såg i forbifarten var:
- Høgetveit Gård (moreller, morellsirup, bringebær)
- Lundemo Gård (egg, høy til kaniner/marsvin, agurkar, svinekjøt)I
- Bjørgum Gard (chilisaus, salsa m.v.)
- Uppistog Gard (ost, youghurt og kjøt frå geiter)
- Skråstad Gårdsutsalg (saft, syltetøy)
- Birøktarane Knut Å. Moseid, Kjartan Nicolaysen og Håkon B. Uleberg (honning)
- Eva Uppstad (heimelaga såpe)
- Inge Klepsland (kjøt frå villsau)
- Alfred Ragnvald Moseid (honning)
- Silverlys/Mandal Lysstøperi
- Heimdal Chocolade, Arendal
- Stauslandstunet Gård (eplemost m.v.)
- Tobias smått og godt (sjokolade cookies)
- Katrines kransekaker
- Turids strikkeri (tova votter)
- Setesdal lefser og braud
- Koneriet (granola, is, heimelaga sjokolade, salt karamell, surdeigsbrød)
- Randis raggsokker
- Trolldalen Gård (fenalår og pinnekjøt)
- Stein Fossan (skotsk høylandsfe/kjøt)
Å støtte den lokale bonden er ei god sak i seg sjølv. Men her trengst såvisst ikkje noko slikt bakanforliggande motiv. Det er flotte, spennande og nyttige varer som er å finne i bua, som vi godt kan kjøpe i vår eiga interesse. Ta ein tur og sjekk ut sjølv!
Facebooksida Din lokale bonde