DU kan hjelpe familien Tamas inn i ny heim til jul!

Lena Hovden (t.v.) og Åse Guldsmedmoen i juleboden i Evje sentrum laurdag, der dei samla inn pengar til prosjektet. Foto: Geir Daasvatn

L.E.G.O. Romania finansierar nytt hus til familien Tamas i Tampa i Romania. Arbeidet starta opp i september. Om innspurten går greit, kan familien flytte frå skuret sitt inn i ny heim til jul. DU kan bidra til at draumen blir verkeleg!

Familien Tamas består av mor og far og sju born mellom 8 og 18 år.

– Familien gjer ein stor eigeninnsats, forsikrar leiar i L.E.G.O. Romania Åse Guldsmedmoen. Huset er ikke noko dei bare får opp i hendene.

Vener og naboar er også med i arbeidet, og unnar verkeleg familien eit nytt hus.

Huset skal bli på 36 kvadratmeter, og vil koste rundt 100 000 kroner, skriv Sigrid Åsen Haugsgjerd i Setesdølen i ein nydeleg artikkel om L.E.G.O. Romania i tirsdagsutgåva.

Har DU lyst til å vere med og sikre fullføringa av heimen til familien Tamas? Det vil vere ei julegåve som bokstavleg talt varmar! Det enklaste er då å gå inn på Spleisen «Nytt hus til familien Tamas», og gi ditt bidrag der. Her kan du også sjå bilete av skuret familien har i dag, og få vite meir om prosjektet og korleis innsamla midler blir handsama.

Du kan også Vippse pengar til 10 62 99 eller sette inn eit beløp på bankkonto nr. 2901.21. 27020.

Styret i L.E.G.O. Romania er Åse Torhild Guldsmedmoen (leiar og grunnleggar), Anne Marie Tangstad, Elin Solheim, Lena Hovden og Geir Guldsmedmoen.

L.E.G.O. Romania på Facebook

 

Del "DU kan hjelpe familien Tamas inn i ny heim til jul!"