Ei verd i eit sandkorn

Ei verd i eit sandkorn

Ei verd i eit sandkorn 2048 1223 Geir Daasvatn
Ofte går vi opp på ein fjelltopp, for å få ein storslegen utsikt ut over landskapet. Men om vi kikkar oss litt rundt, kan vi finne små og store underverk inne i skogen også.

Den engelske poeten William Blake har skrive eit vakkert, lite dikt om det å finne det vakre i det enkle. Diktet lyd slik:

 Å sjå ei verd i eit sandkorn
og ein himmel i ein vill blomst,
halde det uendelege i handa
og det evige i ein time.

Dette prøvde eg å ha i minnet, då eg var ein liten tur ute i skogen oppover mot Hornåsen i går for å lufte hunden. Her er nokre av underverka eg oppdaga, rett utanfor mi eiga stovedør. Eg håpar bileta kan inspirere deg også til ein eller mange små skogsturar i løpet av hausten.

Annonse

God tur!

Klikk på bileta for forstørring