Endeleg til Bjørnestøl!

I helga fekk eg endeleg sett den fråflytta garden Bjørnestøl i Hornnes. Garden ligg ved Heietjønn, på heia vest for Gåseflå og Matkroni, ikkje langt frå grensa mot Åseral. Han er mykje blitt kalla «Heia».

Eg har ein hobby med å skrive på nettleksikonet Setesdalswiki. Ein av kategoriane der er «Gardar i Evje og Hornnes«. Det er då tale om alle matrikkelgardar med eige gardsnummer.  Det er 37 slike i Hornnes, 36 i Evje og 5 nye etter at delar av Hovlandsdalen blei overført til Evje og Hornnes frå Birkenes frå 1. januar 2019. Alt i alt er det nå altså 78 matrikkelgardar i kommunen. Merk at dette ikke er dei einskilde gardsbruka; der det jo er mange fleire.

Setesdalswiki er eit leksikon, og dei fleste artiklane er korte med bare nokre få stikkord. Men det er gøy å få inn eit bilete i kvar artikkel. Eg har nå vore på alle desse 78 stadane, og fått teke eit bilete mest alle plassane óg. Eg trur kanskje det bare er Sletten i Evje eg ikkje har minst eitt bilete frå. Kanskje det kan bli i løpet av sommaren.

Bjørnestøl

Bjørnestøl 3. mai 2020. Etter det eg kan sjå på kartet, skal dette vere det delvis nedrasa våningshuset på bnr. 5. Nøyaktig når tid gardsbruka her blei fråflytta veit eg ikkje. Men i 1969, då gards- og ættesoga for Hornnes kom, var dei iallefall nedlagte. Foto: Geir Daasvatn

Bjørnestøl har eg høyrt og lese litt om ved ulike høve. I gards- og ættesoga for Hornnes er det ein del opplysningar. Evje og Hornnes sogelag har hatt tur inn dit, og det står litt om det i boka dei har gjeve ut om turane med Oddmund Mogstad. Men turen dit var lenge før eg byrja å interessere meg for fotografering og lokalhistorie. Så kom Alf Georg Kjetså ut med dei to framifrå bøkene sine om heimbygda Hornnes. Der står det litt meir om Bjørnestøl. Ikkje minst er det mange bileta av folk som budde der, og etterkomarane deira. Det er ikkje så få menneske i Evje og Hornnes i dag som slektar frå Bjørnestøl.

Eg kan ikkje bidra til å opplyse soga om Bjørnestøl noko meir. Eg har bare dei vesle kunnskapane som eg har lese meg til  i dei ulike kjeldene. Men eg fekk som nemnt endeleg teke meg på tak, og gått inn til Bjørnestøl førre dagen. Det er kanskje mange i bygda som har det som meg; at de ikkje har vore på denne spesielle staden? Så då kan mitt lille bidrag til å ta vare på minnet om Bjørnestøl kanskje vere desse bilete derfrå?

Det er steingjerde og andre steinsettingar mange stadar rundt omkring i garden. Det må ha vore eit veldig slit å livberge seg her inne på heia. Foto: Geir Daasvatn

 

Del "Endeleg til Bjørnestøl!"