Englevingen: Siste innspurt før 30. november!

Eg var heldig førre kvelden, og fekk vere med kjærasten Rita på «klubbkveld» i Englevingen. Det var den nest-siste samlinga før den store basaren på Tryggheim laurdag 30. november kl. 11.

Tekst/foto: Geir Daasvatn

Jentene treffast heime hos Marri-Ann Galteland i Øvre Tingveg på Evje. Ho har opna heimen sin til «klubbhus». Det er altså dei som står bak den tradisjonsrike Englevingen-basaren på Tryggheim bedehus på Evje sist i november kvart år. No er dei i innspurten med førebuingane. Eg kan bare sitte stille og beundre dei travle jentene, medan dei jobbar intenst med å gjere dei mange fine gevinstene klare. Alt skjer samstundes som praten går om alle mogelege emne i tre heile timar og vel så det.

Det er så sabla gøy!

Kvelden startar på trivelegaste vis, når Kathrine Jokelid kjem med heimelaga blomkålsuppe og nysteikt grovbrød som ho set på bordet. Eg lurar jo litt på kva som får ein jentegjeng til å møtast så jamt, over fleire årtider, utan å bli lei av korkje oppdraget eller kvarandre. Jentene prøver å forklare:

– Det er så gøy å møtast! Vi har det veldig hyggeleg saman. Vi kan prate om alt. Vi er ulike på alder. Vi har ulike utfordringar og erfaringar, og ting vi er opptekne av. Så kjenner vi kvarandre veldig godt, og stoler fullt og heilt på kvarandre!

– Eg gleder meg til kvar einaste kveld vi treffast, skyt Gunn Marie Haugen gledesstrålande til.

Nokre av dei vakre og forseggjorte englane som skal loddast ut 30. november.

Svært opplegg

Basaren til Englevingen er ei svær greie. Det er åresal, barnebasar, loddsal på vaksenbok og eit eige barnelotteri der alle vinn. Jentene er kjende for å lage nokre utruleg fine gevinstar for hand. I tillegg får dei mange gevinstar av gode sponsorer eller kjøper inn sjølve. Spesielt dei handsydde englane er populære å vinne. Til basaren i år er det som alltid 40 førstegevinstar, og blant dei heile 20 kransekaker. Alle trufast bakt og sett saman av Kathrine.

Basaren og trekningane går føre seg etter eit intrikat system, som eg trass i meir enn 10 års assosiert medlemskap som ryddegut og loddselgar aldri har forstått meg på. Men under alle omstende fyk jentene att og fram og inn og ut av loftsstua hos Marri-Ann, og pakkar, tel opp, organiserer, noterer og sjekkar premiane. Det verkar som om Kari Undeland Heisel og Gunn Marie har et særskilt ansvar for dette. Kjærasten min, Rita, pakkar gevinstar for harde livet og i eit veldig tempo . Det same gjer Mari Haugen Abusland. Her er det ikkje tale om å bare få gevinstane putta inn i eit papir. Kvar eineste lille gevinst med innpakking er som eit vakkert lite kunstverk. Over det heile er det akkurat som om Marri-Ann stille svevar rundt oss alle, passar på at alle har det bra og er den perfekte vertinna, og – venninna.

Vakre, handstrikka barnevottar som Gunn Marie er meistaren bak.

Ærefrykt og respekt

Eg blir meir og meir forvirra over jentene som fyk i alle retningar, og samtalen som går føre seg på eit nivå høgt over mitt hovud. Men der eg sit og filosoferer over jobben dei gjer, og over alt arbeidet dei legg ned, kan eg ikke la vere å beundre dei og føle ein ærefrykt for engasjementet. Overskuddet frå basaren går gjennom Det Norske Misjonsselskap (NMS) til å hjelpe menneske på Madagaskar med landsbyutvikling. Arbeidet skjer i nært samarbeid med NORAD. Men kanskje like viktig er at samankomster og foreiningar som dette bidreg til å bygge opp og sikre det sosiale limet og samhaldet mellom menneska i bygda. Eg kjenner nok bare til ein liten brøkdel av alt det arbeidet som foreiningar som Englevingen og deira likesinna utfører. Men eg er ikkje i tvil om at denne aktiviteten samla sett er eit enormt viktig bidrag til å gjere bygda vår til ein god og trygg plass å leve.

Fra Nashville til Sagaheia

Døra går plutselig opp, og siste deltakar for kvelden svingar innom. Det er Inger Lise Stulien Robstad. Ho kjem omtrent direkte frå flyet frå Nashville i Tennesee. Der har ho vore for å oppfylle ein stor draum i livet; å spele inn ei countryplate i det beste countrymiljøet i verda. Inger Lise er full av inntrykk frå det store Amerika, men glir rett inn i gjengen og set ganske straks i gong med sine oppgåver. Ho er ellers den i gjengen som ser ut til å ha eit hovudansvar for å handle inn «eksterne» gevinstar. Når ho først har bestemt seg for å dra på handletur, er det visst ingen veg tilbake:

– Eg bare teke fart, og så er Olav med meg og bere!

Valborg er SJEF!

Valborg er krumtappen!

Jentene har eit veldig uformelt og ulovfesta styringssystem, skjøner eg. Men når temaet kjem på bane, er det likevel ingen som er i tvil: Valborg Hauan er den store sjefen! Ho er diverre ikkje heilt i form denne kvelden, og må bli heime. Men i alle dei åra Englevingen har eksistert, har ho vore den store drivkrafta. Ho leiar også sjølve basaren med stø hand. Valborg er ei legende innan foreinings- og kristenlivet i Evje og Hornnes og regionen, og har endåtil blitt tildelt Kongens Fortenstmedalje. Ragnhild Langmyr Kragholm i Kristiansand er også med i foreninga, men ikke akkurat denne kvelden.

Jentene jobbar intenst heilt til klokka passerer 23 og vel så det, før dei byrjar å tenke på at dei jo skal på jobb neste dag. No står det att ei siste samling, tirsdagen før basardagen 30. november. Då må den siste innspurten med gevinstene skje, samstundes som alt av detaljar blir sjekka og eventuelt ordna før den store dagen. Dei vil også ha nokre fleire dagar med loddsal på butikkane på Evje framover mot basaren.

Takk

Eg går litt fortumla heim. For ein enkel gut er det ganske utruleg å sjå kva for ein oversikt og kontroll jenter har på alt mogeleg mellom himmel og jord. Dei sjonglerar med alle slags oppgåver og gjeremål på ei gang. Alt medan dei ikkje har nokon som helst problem med å la praten gå utan avbrot. Men mest av alt er eg som alt sagt veldig imponert over arbeidet desse gode menneska i bygda gjer, for å hjelpe andre i denne verda som ikkje har det like godt som oss sjølve. Vi her på Evje, i Setesdal eller i Noreg for den saks skuld kan sjølvsagt ikkje «redde» verda. Men alle kan vi gjere litt for våre medmenneske, om vi vil. Takk for at eg fekk vere med denne kvelden, og lukke til med basaren laurdag den 30. november!

Del "Englevingen: Siste innspurt før 30. november!"