Fotobok frå Evje og Hornnes før jul

Lesarinnlegg av Geir Daasvatn

Eg har sett saman ei lita fotobok i haust, med landskapsbilete frå Evje og Hornnes. Om alt går etter planen, vil eg ha boka klar for sal i god tid før jul.

Eg har gått lenge og lurt på å samle nokre av landskapsbileta mine frå Setesdal i ei biletbok. For at prosjektet skal la seg gjere økonomisk har eg kome fram til at eg må lage fire små bøker; ei for kvar av kommunane i dalen. Boka som nå kjem ut, med glimt frå Evje og Hornnes, er den første. Så kjem dei tre neste litt seinare, etter kvart som tid og krefter, og ikkje minst økonomien, strekk til.

Begynte med fotografering seint i livet

I 2006 blei eg sjuk, utan at legane kunne finne noko forklaring. Det er eitt eller anna som ikkje fungerer i kroppen, slik at eg alltid kjenner meg småsjuk, trøytt og utsliten. Eg kallar det bare«uforklart kronisk utmatting» om nokon spør. Eg måtte slutte i jobben min som advokatfullmektig. Etter det var eg sjukemeldt og levde på arbeidsavklaringspengar til 2015. I dag er eg uføretrygda.

Eg var vant til å kunne bruke kroppen og hovudet mest som eg ville, og gjerne jobbe 12 eller 16  timar i strekk utan problem.  Det var ein enorm nedtur i livet å miste den gode helsa. Men eg har ein eigenskap, trur eg, som kom godt med då livet plutseleg blei kasta om for meg. Eg kan glede meg over små ting, og treng ikkje å oppnå noko stort som advokat — eller fotballspelar for den saks skuld — for å kjenne meg glad. Eg er også velsigna, for å vere litt høgtideleg, med den beste jenta og kjærasten eg kunne håpe å treffe i livet. Mi kjære Rita. Difor har eg som regel kjent meg glad og fornøgd, også etter at eg blei sjuk og arbeidsufør.

For å ha noko meiningsfylt å gjere i ledige stunder etter at eg ikkje klarte å gå på jobb som vanleg lenger, og for at ikkje kroppen skulle forfalle heilt, begynte eg å gå ut i skogen heime på tur. Eg hadde skaffa meg eit fotoapparat for å ta bilete frå fotballen i Otra IL, som eg alltid har vore sterkt engasjert i. Det tok eg etter kvart med på turane ut i skogen også. Med unntak av eit veldig enkelt digitalt kamera eg brukte på jobb hos Fylkesmannen i Vest-Agder når me var ute på befaring i byggesaker, hadde eg knapt tatt i eit fotoapparat.

Om dugleiken etter kvart er blitt bra, får andre bedømme. Sjølv synest eg ikkje at eg er ein flink fotograf. Men eg trur eg har ein evne til å sjå og sette pris på det som er vakkert rundt meg. Som til dømes den vesle soppen ved bekken på Syrtveit. Så prøver eg bare å ta eit fint bilete av det eg ser, med god kvalitet, utan noko særleg meir om og men.

Denne fantastiske skapningen traff eg på ein kveld eg var oppover til Syrtveit. Foto: Geir Daasvatn

Landskapsbilete

Det er landskapet me ser rundt oss eg vil prøve å syne nokre glimt av. Eg må understreke «glimt», for eg kan ikkje ta med bilete frå kvar einaste krik eller krok eg har vore. Bøkene ville då bli alt for dyre å trykke etter mi lommebok. Ikkje har eg bilete med god nok kvalitet til det heller. Altså, glimt av landskapet slik eg har sett det, frå Kilefjorden heilt sør i Evje og Hornnes til Bjåen øvst i Bykle, på grensa mot Telemark, i nord. Nå, i første omgang, frå Kilefjorden til Byglandsfjord dam.

Byglandsfjord dam. Foto: Geir Daasvatn

Eg er glad i heimbygda mi!

Eg vonar  bygdefolket og andre interesserte vil like å bla i boka, og kanskje kjenne igjen nokre av stadane; at alle kan sjå at eg er oppriktig glad i plassane eg har vore, og at dei ikkje synest eg har gjort skam på den fine heimbygda mi.

Boka kan tingast hos meg alt nå

Eg ser for meg at boka vil vere klar for sal rundt 1. desember. Eg har eit håp om at ho vil bli tatt godt imot. Eg har verkeleg lagt meg i selen, og prøvd å finne fram rundt 140 bra bilete frå alle delar av kommunen. Kanskje ei fin julegåve til nokon i familien som er flytta ut av bygda? Om du ønsker å sikre deg eit eksemplar alt nå, kan du bestille boka hos meg. Så leverer eg «på døra» i lokalmiljøet så snart ho er klar, eller sender boka til deg i posten. Prisen er 249 kroner. Ved postsending kjem porto i tillegg.

Det er mogeleg at eg kan få lagt ut boka for sal i bokhandelen også. Men førebels må du altså bestille hos meg.

Eg er glad for å få hjelp til å trykke boka lokalt, hos Setesdalstrykk.

Kontaktinfo:

Geir Daasvatn
Kjetsåvegen 5
4737 Hornnes
Mob 909 26 724
geir.daasvatn@gmail.com
Geir Daasvatn Foto på Facebook/Messenger

Hornnes kyrkje julaften 2018. Foto: Geir Daasvatn
Del "Fotobok frå Evje og Hornnes før jul"