Av Geir Daasvatn
Sigurd Haugsgjerd i Setesdølen 31. oktober oppfordrar oss på Evje til å friske opp julehandelen litt. Det er ei fin og nyttig påminning om at me sjølve må stå på, kvar og ein, for å skape den rette julestemninga rundt oss. Me kan ikkje vente at alle andre skal jobbe livet av seg og ordne alt.
Underteikna er så heldig å få lov til å vere sambuar med Rita Flottorp. Nå vil me to prøve å gi vårt lille bidrag til liv i sentrum i tida fram mot jul. Me vil leige oss ei av dei åtte buene som Evje Handel og Serviceforening har kjøpt inn til bruk på Torget, og stå der og selge eigenproduserte saker og ting.
Rita er ein ekte kunstnar, og vil selge vakre små handleposar til julegåvene og mykje anna fint ho lager sjølv. Eg – altså Geir – vil ta med nokre av bileta mine og vise dei fram. Kanske eg kan rigge til eit lite fotoopplegg, for dei som har lyst til å ta eit nissebilete også?? Eller om me kan lokke Evje Kameraklubb med til det? Me kan hjelpe til med å halde fyr i bålpanna, og kanske servere litt kaffi dei dagane me er til stades. Kanske me kan få tak i eit vaffeljern. Så håpar me at andre også kunne ha lyst til å leige seg ei lita bu og syne fram sine ting, og hjelpe til med å halde fyren oppe. Om det bare er ein dag eller to, kan det bli mykje om fleire gjer ein liten innsats. Det er så gøy å få til ting i lag.
Handelsforeninga vil nok snart kome ut med informasjon om leigeprisar for buene, og ikkje minst kor me kan henvende oss for å bestille plass. Det skal sjølvsagt litt til for å fylle opp åtte buer alle dagane i desember til julaften. Men om me var ein del folk der mange av dagane, kunne me heilt sikkert bli eit fint tilskot til julestemninga i Evje sentrum i år.
Er DU med?