Heimstaden er den finaste, uansett kor han er!

Innlegg på Facebook, 10. desember 2016. Overskriftene er lagt til i ettertid.

Eg må vel innrømme at eg er over gjennomsnittet heimekjær, og veldig glad i heimbygda mi.

Det verserer jo til og med ein røvarhistorie, som avisene «planta» for 40 år sidan, om at eg ikke ville bli proff i Manchester United fordi eg hadde det så greit på Evje. Historia er sjølvsagt ikke riktig, men det er litt gøy at mange den dag i dag trur det er slik det heng saman 🙂 Sambuar Rita Flottorp er veldig forundra, ja til og med litt fortvila, over denne sterke tilknytninga til heimplassen. Ho er rett og slett bekymra for at eg skal ende opp som ein slags bygdetulling til slutt. For å prøve å berolige henne litt, stod eg friskt og raskt opp i dag og blei med på ein bytur, heilt til Kristiansand!

Nye bukser frå Lars Kile til byturen!

Eg fekk av meg joggebuksene og på med den nye jeansen eg har kjøpt til jul av Nati Tecleab hos Lars Kile. Så la vi trøstig i veg. Men alle mannfolk, eller i hvert fall ein stor del av oss, veit at julehandel i Kristiansand kan vere veldig tungt og energitappande. Det må også vere utruleg frustrerande for ei moderne kvinne å slepe rundt på ein trøtt og handlelei bygdegut i Markens Gate i det uendelege. Så me blei enige om eit kompromiss som me begge følte me vant stort på: Rita skulle få gå i fred å handle eit par timars tid, mens eg skulle ta ein tur innom fotoforretninga for å sjå etter noko nytt utstyr eg hadde lyst på.

Dessverre synte det seg at fotobutikken var stengt. Rita var som sunken i jorda, og eg visste ikkje kva eg skulle ta meg til i dei to neste timane. Eg kom ikkje på anna enn at eg ville ta meg ein liten spasertur bortover til elva heimanfrå, den kjære Otra, som jo renn ut i havet i Kristiansand.

Kom på villspor

Etter litt om og men, der eg først gjekk meg bort og enda i retning Odderøya i staden for ved breidda av Otra, kom eg fram til Tangen. Der, heilt ytterst mot havet, renn Otra ut i sjøen. Der opplevde eg noko som mest likna på ei openbaring! Rett nok ikkje av bibelske dimensjonar, men meir på det personlege plan. Det synte seg nemlig at det kan vere like vakkert i Kristiansand som heime i Evje og Hornnes! Det var bare heilt nydeleg å stå der ytterst på Tangen, og sjå dei spesielle fargane som sola laga i havet.

Det kan nok kanskje, når alt kjem til alt, vere vel så fint ved havet som rundt Breiflå. Foto: Geir Daasvatn

Einig med Kongen

Då eg for ei tid sidan fekk lov til å vere med på hagefesten til Kongen og Dronninga i Oslo, meinte Kongen at heimen vår er der hjertet vårt er. Det har han nok heilt rett i. Vi er glade i staden der vi bur, og tykker det er flott å vere der, fordi det er der vi har hjertet vårt. Men sjølvsagt er det minst like flott og vakkert på alle andre heimstader. Eg har sjølv budd i Hardanger i fem år, og veit jo godt at frukthagane der blømer endå finare enn furuskogen hos oss. Og fjella i Lofoten har litt andre og meir imponerande dimensjonar enn MASI i Hornnes.

Etter byturen i dag har eg ingen problemer med å innrømme at Kristiansand kan vere like vakker som min eigen heimstad. Men fordi det er i Evje og Hornnes eg høyrer heime, er den plassen best uansett 🙂 Så håper eg at alle andre kan vere glade i SI heimbygd, eller i SIN by, og bruke energien og evnene sine til det beste for den staden og fellesskapet der.

Kanskje ikkje bygdetulling likevel?

Før vi gav oss til på heimvegen, viste eg Rita eit par av bileta eg hadde teke ute på Tangen. Og eg innrømte glatt at eit venare syn var det vanskeleg å finne. Eg trur ho egentlig blei veldig mykje rolegare. Ho forstod nok at eg ikkje er så stor ein bygdetulling, bare ein gut som er ganske normalt glad i heimstaden sin. Størst av alt er uansett kjærleiken. Om Rita ein eller annan gong skulle kome på tanken at ho ville flytte nærare kysten, der ho har røtene sine på morssida, må Nissen bli med på lasset!

Heile heftet kan tingast hos Geir Daasvatn; geird@agder.no eller SMS til 909 26 724, eller eventuelt ei melding til Geir på Facebook/Messenger. Pris: 150 kr.

Del "Heimstaden er den finaste, uansett kor han er!"