Mange fine kunstnarar samla på eitt brett. Foto: Geir Daasvatn KLIKK PÅ BILETET FOR FORSTØRRING

Knallgøy på sommarkunstskule!

Fredag ettermiddag var det avslutning for kunstskulen som 15 barn og unge 8–12 år har vore med på i regi av kultureininga i Evje og Hornnes kommune denne veka.

Mange spente – og veldig stolte – foreldre, føresette, besteforeldre og søsken kom til Furuly saman med barna for å sjå nærare på kunstverka dei hadde laga i løpet av dei fem dagane. Alle var imponerte!  Produksjonen var enorm, og bileta oste av fantasi og skapartrang.

Aslaug. Heldige elevar som kan ha ein slik engasjert og inspirerande kunstnar til lærar i ei heil veke! Foto: Geir Daasvatn

Kulturleiar Maya Ranestad Hjertholm ynskte velkomen. Kunstlærar Aslaug Moi Frøysnes fortalde litt om kva barna hadde stelt med i løpet av veka. Ungane var tatt med på ei variert kunstreise, der alle hadde fått prøve seg på ulike kunstuttrykk og materiale. Dei hadde prøvd bl.a. kritteikning, installasjon og akrylmåling. Fokus hadde vore på «Å tegne er å sjå», trivsel og meistring, leik og moro.

Aslaug bur i Bergen, der ho arbeider som lærar. Men ho har også vore utøvande kunstnar i mange år. I sommar er ho heime i Bygland på ferie, og ville gjerne bidra med å lage til dette fine tiltaket for barna. Ved sida av Aslaug var også Svanhild Gumpen med som støttespelar gjennom heile veka.

– Det har vore himla moro, fortalde ei sprudlande Aslaug oss i ein liten pause. Eg trur ungane verkeleg har kosa seg!

Etter den korte innleiinga og nokre passande ord for høvet, kunne alle i ro og mak studere kunstverka som for anledninga var hengt opp på veggen utvendig på Furuly. Eit imponerande og svært så fargerikt syn!

Den trivelege tilstelninga blei avslutta med kake, is, kaffi og brus og – ikkje minst – ein god prat.

GOD SOMMAR!

——————————

Om Aslaug Moi Frøysnes

Aslaug er biletkunstnar, lektor og gründer frå Frøysnes i Setesdal. Ho er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har jobba innanfor fleire kunstnariske sjangre; som installasjon, skulptur, performance og to-dimensjonal kunst som silketrykk. Ho har ein stor kunstnerisk aktivitet bak seg, med mange utstillingar, inkludert Høstutstillinga. I 2010 starta ho Aslaugs Kunstskole og har undervist barn og ungdom i forskjellige kunstuttrykk.

——————————

Me skal prøve å få lagt inn bilete av nokre av kunstverka også etter kvart.

Del "Knallgøy på sommarkunstskule!"