Kommunevalet: Olav Andreas Erdvig, FrP

Kommunevalet: Olav Andreas Erdvig, FrP

Kommunevalet: Olav Andreas Erdvig, FrP 1273 732 Geir Daasvatn

Olav Andreas Erdvig (fødd 1968) er Fremskrittspartiet sin 1. kandidat ved kommunevalet i Evje og Hornnes mandag 9. september 2019.

Olav Andreas eig og driv Pernille Kafè i Sentrumsbygget og Tip Top Burgers & Sånt rett over gata, i den nye Sentrumsgarden. Begge verksemdene driv han saman med kona Anita Abusland Erdvig. Olav Andreas er dagleg leiar og kjøkkensjef, medan Anita er kontorsjef og personalansvarleg.

Olav Andreas har allsidig og brei erfaring innanfor drift av kafeteria. Han er utdanna kokk, mellom anna diplomkokk ved Gastronomisk Institutt i Stavanger.

Olav Andreas er tredje generasjon som driv Pernille Kafè. Føre han dreiv bestemora Bertha Haraldstad kafèen, og etter henne Olav Andreas si mor, Kjellfrid Erdvig.

På fritida har Olav Andreas vore mykje engasjert i orienteringsgruppa i Otra IL. Han var fotballtrenar for aldersbestemte lag i fotballgruppa i mange år, og leiar i gruppa 2006-2007. Han var også leiar i friidrettsgruppa i Otra IL i 1991-1992.

Olav Andreas kom med i kommunestyret i inneverande periode, frå sommaren 2017, då FrP sin representant Brian Desmond flytta til Bygland og gjekk ut av kommunestyret. Nå står han altså på 1. plass på FrP-lista ved det nærståande kommunevalet.

Kilde: Artikkelen om Olav Andreas på Setesdalswiki

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!