Søren Hodne (fødd 1957) er Senterpartiet sin ordførarkandidat ved kommunevalet i Evje og Hornnes mandag 9. september 2019.
Søren bur på Hodne gard heilt sør i Evje og Hornnes. Her dreiv han i mange år økologisk gardsbruk og var mjølkebonde. Nå er det eit generasjonsskifte på gang, og Søren arbeider som fagarbeidar ved Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes. Han er gift med Ingebjørg. Dei har i ei årrekke vore beredskapsheim for BUF-etat og med i «Inn på Tunet»-prosjektet. Ingebjørg har hatt gardsutsal, og Søren er spesielt godt kjent for det økologiske smøret «Søren så godt».
Søren har vore med i kommunestyret i inneverande periode (2015-2019), der Senterpartiet har hatt varaordføraren ved Lars Reidar Vasland. Ved kommunevalet nå er Søren altså Senterpartiet sin ordførarkandidat.
Kjelder: www.setesdalswiki.no, www.bondelaget.no, www.e-h.kommune.no