Kulturminne kan me finne overalt!

Det er spennande kulturminne å sjå overalt i Evje og Hornnes. Eg vil tru det er tale om mange hundre, eller kanskje tusenvis, alt i alt? Nokre, som Hornnes jernbanebru og Flåt nikkelgruve, er svære og berømte, og kjende for oss alle.

Men så er det mange små som me kanskje mest ikkje legg merke til i det heile tatt. Når toget på Setesdalsbanen hadde passert Voilan og Auensneset, der Mineralparken ligg i dag, svinga det skarpt til høgre forbi Hornnes sagbruk før det kom til Hornnes stasjon.

Ved Kjetsåkrysset, der Indre Agder Transport no har ein svær biloppstillingsplass, passerer ein liten bekk under Rv-9 og renn vidare gjennom eit lite dalsøkk ut i Breifå i Hornnesvika. Dette vesle dalsøkket med den lille bekken måtte også Setesdalsbanen over.

Det er tett krattskog som mest skjuler dalsøkket i dag. Men eg var ute ein liten luftetur med hunden førre dagen. Då kom eg til å kikke meg litt rundt nedi gropa der for første gang i livet. Sanneleg er det ikkje ein slags oppmura kulvert der, ein ganske lang ein, som må ha ført bekken under jernbanelinja.

Lokalkjende folk har sjølvsagt visst om dette fine kulturminnet. Men eg, som bur bare eit steinkast unna, og har budd på Hornnes sidan 1975, såg det altså for aller første gang 4. september 2020.

Moro!

Sjå Kommunedelplanen for kulturminner 2019-2024

I dag ville nok arbeidsfolka bare lagt eit røyr på ein slik plass, og fylt på med stein og grus. Men då Setesdalsbanen kom til Hornnes, blei det altså gjort slik som dette. Foto: Geir Daasvatn
Del "Kulturminne kan me finne overalt!"