Det er helg. Det er ikkje snø og føre for ein skitur her nede i dalføret. Men då kan kanskje det nest-beste vere eit fint alternativ; ein tur til utsiktspunktet Masi i Hornnes i «vårlufta» me nå opplever.
Geir tok turen i kveld fredag, for å lage i stand nokre bilete som kanskje kan friste deg til ein tur i løpet av helga. Om du treng fleire opplysningar før du kan legge i veg, finn du det i lenka under. Har du familie, er dette ein fantastisk fin tur å gjere saman.
God tur!
Presentasjonen av Masi turløype på OpplevEvje