Lars Reidar tok farvel!

Lars Reidar tok farvel!

Lars Reidar tok farvel! 2048 1435 Geir Daasvatn

Torsdag 10. oktober 2019 møtte heidersmannen Lars Reidar Vasland (72) i sitt siste kommunestyremøte. I fem periodar, 20 år, hadde han då vore fast medlem i kommunestyret.

Før Lars Reidar blei fast medlem, var han varamedlem i to periodar. Også i dei periodane møtte han på mange kommunestyremøter. Så me kan med god grunn seie at han har utført – minst – 28 års teneste i lokalpolitikken.

Bytta parti

I dag representerer Lars Reidar Senterpartiet. Det har han gjort dei to siste periodane. Før det, dei tre første periodane i kommunestyret, var han medlem for Høyre.

Dei to siste periodane har han også vore medlem av formannskapet. Dei siste fire åra, 2015-2019, har han i tillegg vore kommunen sin varaordførar.

Andre verv

Ved sida av desse verva, har Lars Reidar langt tilbake i tid vore leiar i skule- og kulturstyret, og han har også i to periodar vore leiar i plan- og bygningsrådet.

Spennande å følge utviklinga over tid!

Då me etter det siste kommunestyremøtet spurte den avtroppande kommunepolitikaren om kva han minnast aller best frå alle desse åra, oppsummerte han slik:

– Det har vore veldig moro å kunne følge utviklinga i Evje og Hornnes over ein lengre periode. Spesielt etter nedlegginga av Evjemoen, då mange frykta kva som kom til å skje med bygda vår. Det har vore ein nesten eventyrleg framgang, når me tenker på alle dei arbeidsplassane som forsvant med Evjemoen.

Lars Reidar har følgd utviklinga i kommunen på nært hald i tre tiår! Foto: Geir Daasvatn

Han meiner kommunen gjorde eit veldig godt grep, då Evjemoen Næringspark blei oppretta.

– Ja, eg er veldig glad for at me har hatt Evjemoen Næringspark. Til dømes trur eg at det aldri hadde blitt noko fengsel på Evjemoen utan Næringsparken. Diverre har økonomien i kommunen og selskapet ikkje gjort det mogeleg med direkte økonomisk støtte til næringslivet i nokon særleg grad. Men kommunen og Næringsparken har jobba hardt og godt for å legge til rette for næringsverksemd på mange andre vis.

Før me seier farvel til Lars Reidar og dette vesle lynintervjuet på trappa utanfor kommunehuset, er det ein ting til han dreg fram som eit stort føremon i kommunen:

– Administrasjonen i Evje og Hornnes kommune har vore svært dyktig og effektiv!

I det private liv er Lars Reidar gift med Helga, og bur i Tingbergheia. Underteikna hugsar han godt som ein svært triveleg sjef på postkontoret på Evje tilbake på byrjinga av 1980-talet. Seinare var han som mange veit banksjef i Sparebanken Sør i Åseral i ei årrekke. Men mennesket Lars Reidar må me kome tilbake til i ein seinare og meir djuptgåande artikkel, om det kunne høve seg slik.

Takk til Lars Reidar for ein stor innsats for heimbygda vår i alle desse åra!

Les meir om Lars Reidar på Setesdalswiki

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!