Nytt kyrkjeblad

«Kyrkjebladet for Åseral, Evje og Hornnes» er det nye, felles kyrkjebladet for Åseral sokneråd og Evje og Hornnes sokneråd frå 2020. I Evje og Hornnes erstattar bladet Ljosglimt, som vart gitt ut frå 1947-2019.

Det første nummeret, nr. 1, 2020, kom ut i mars 2020.

Planen er fire nummer kvart år; påske, sommar, haust og jol. Bladet blir sendt til alle husstandane i dei to kommunane, og til utanbygds lesarar som har bede om å få det tilsendt.

Økonomien er tufta på frivillig innsats frå redaktør og redaksjonskomité, annonseinntekter og frivillige bladpengar. Layout er ved Gunbjørg Gundersen. Trykk er hos Setesdalstrykk.

Det er litt gøy at underteikna sitt fotomotiv frå Gautestad har fått æren av å pryde framsida.

Del "Nytt kyrkjeblad"