Det kom masse folk, rundt 200-300, då Hornnes hjelpefengsel si venneforening inviterte til open dag ved fengselet i Dåsnes søndag 29. september.
Vaksne og born kom og gjekk i ein jamn straum, eller slo seg til i den fine parken utanfor fengselet med ein matbit. Praten gjekk livleg mellom borda. Ivar Haugen fortalde frå historia til fengselet og viste rundt, i to omgangar. Evje og Hornnes Sogelag ved Erik Kjebekk og Margrethe Gautestad selde lokalhistoriske bøker. Det blei servert nydelege heimelaga kaker og anna bakeverk. Utomhus baud 4H på spennande aktivitetar. Du kunne mellom anna sykle deg til din eigen smoothie for 20 kr. Det var eit særs populært tilbod. Heilt frå Kristiansand kom Ånund Lunde for å teste dette. Ånund er far til handballjentene Katrine og Kristine, og såg ut til å vere i minst like god form som dei topprente tvillingdøtrene sine 🙂
Myke arbeid ventar
Det er mykje som må gjerast med det gamle bygget og eigedomen ellers, om dette skal bli den samlingsstaden i bygda som venneforeninga håpar på. Men dei er målbevisste, og klare for å gjere ein solid innsats i åra som kjem. Det første planlagte tiltaket er å skifte vindaugene og nokre små reparasjonar for å sikre bygget. Så er det eit ynskje om å sette opp eit tilbygg på baksida, med toalett og innlagt vatn. Dei totale kostnadane for desse to tiltaka kan kanskje bli opp mot to millionar kroner. Det er ikkje ein umogeleg pengesum å stable på beina. Dei i foreninga me talte med var optimistar på det.
Så er det mykje større planar for å utvikle bygget og området vidare. Men her er det tale om å bygge stein på stein, og skaffe økonomiske midlar etter kvart.
Lykke til!
Det blir spennande å følge arbeidet med Hornnes hjelpefengsel vidare. Me gler oss til å kunne rapportere om nye framskritt med jamne mellomrom.
Lykke til med dette unike bygdeprosjektet 💝