Brennevinskleiva på Kjetså. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen fram i lyset på Kjetså!

Fleire stadar på Kjetså i Hornnes er det tydelege spor etter den gamle Postvegen, den aller første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal.

Om Postvegen på Setesdalswiki

Vegen forbi Kjetså blei bygt rundt 1840, og var farbar til Valle i 1844.

Den siste tida har det vore ei stor skogsdrift på Kjetså, og «Brennevinskleiva» på den gamle vegen  er komen til syne igjen. Eg har gått eller sykla Brennevinskleiva mange gonger, men aldri sett vegen her frå avstand slik som me kan nå. Det er rett og slett eit gamalt og kanskje litt gløymt kulturminne for mange som er komen fram i lyset.

Eg meiner Postvegen er eit spesielt og verdifullt kulturminne, og at dei godt bevarte stykka av vegen burde skiltast gjennom heile Setesdal. Gjerne med infotavler på strategiske stadar også. Eg trur mange turistar og andre som ikkje er lokalkjende kunne ha stor glede av å sjå og vandre langs desse gamle historiske vegstubbane. Men det kan vel truleg ta ei tid å få det til.

Nå veit i alle høve du som les dette, og ser bilda, at du kan sjå gamlevegen på Kjetså frå bilvindauget eller sykkelsetet når du kjem forbi her.

Klikk på bilda for forstørring

Rita Flottorp sin humørfylte sommerlogo, som vi er så heldige å ha fått lov il å bruke gjennom sommeren.

 

Del "Postvegen fram i lyset på Kjetså!"