«Nattverden» av Salve Birkås. Å sjå dette kunstverket på nært hald er ei stor oppleving! Foto: Geir Daasvatn

Salve Birkås: Storslått kunstgåve frå Evje og Hornnes Sparebank til Evje og Hornnes kommune

Evje og Hornnes Sparebank har gitt eit utval trefigurar laga av treskjæraren Salve Birkås i gåve til Evje og Hornnes kommune. Mellom figurane er Salves store meisterverk «Nattverden».

I brev til Evje og Hornnes kommune som følgde gåva seier banksjef Knut Kjetil Møen:

Salve Birkås var en kunstner med kniven og Evje og Hornnes Sparebank har ved et par anledninger kjøpt noen av hans trefigurer for å sikre dem for ettertiden. Bankens styre ønske at figurene gis som gave til kommunen, og at figurene slik kan bli tatt vare på og stilt ut offentlig – slik kommunen måtte ønske. Vi håper gaven også kan bidra til mer oppmerksomhet rundt Salve Birkås’ arbeider!

Litt om Salve sitt liv

Alf Georg Kjetså og Torgrim Dåsnes har gitt ut eit hefte med omtale av livet til Salve. I føreordet heiter det:

Salve Birkås. Foto utlånt av Alf Georg Kjetså.

– Treskjeraren Salve Birkås blei født 18. mai 1881 på plassen Birkåsen under Futegarden på Hornnes og der vaks han opp som nr. 7 i ein syskenflokk på 11. Han blei skogsarbeidar, men han tok tidleg til med treskjering ved sida av. Han blei kjend for sine livaktige treskulpturar av dyr og folk vidt omkring, og i dei seinare år levde han av treskjeringa aleine, med dei svært beskjedne krav han hadde til materiell levestandard. Han fekk fleire 1. premiar på lokale bygdeutstillingar. Han var heilt ut sjølvlærd, og smidde sjølv spesialverktøy av gamle ljåbrot. Han måla alltid arbeida sine.  Fargane blanda han sjølv til i linolje av pigment som då blei brukt til vanleg husmåling.

Vidare:

– Ein kan ennå finne mange arbeid av han i bygda, men fleir og fleir og blant dei nokre av dei beste – har fylgd nye eigarar ut, og er spreidde over heile landet. Ingen stad finst nokor representativ samling av verka hans, og det er difor svært viktig å få registrert og fotografert så mange»Bærkjåsarbeid» som mogeleg, med tanke på at det ein gong i framtida bør bli mogeleg å få til ei slik samling i heimbygda hans. Til så lenge vonar me at dette heftet kan vere med å holde minnet om han og verka hans oppe. Salve Birkås døydde den 28. oktober 1941, bortsett på garden Fjellestad i Øvrebø. Han er gravlagd ved Øvrebø kyrkje.

Stor kulturhistorisk verdi

Gåva har ein bokført verdi på 75.000 kr, men truleg ein reell verdi på mykje meir. Ordførar Svein Arne Haugen uttrykker på vegne av kommunen stor takksemd for den eineståande kulturhistoriske gåva. Salve Birkås er ein av dei største kunstnarane bygda har fostra. Han fekk alt for lite anerkjenning for dei vakre arbeida sine medan han levde. Han er – eller var – ein gløymd bygdekunstnar, for å bruke orda til Alf Georg og Tim. Med denne gåva til kommunen har Evje og Hornnes Sparebank nok ein gong synt at banken som ei hjørnesteinsverksemd i bygda verkeleg tar slagordet sitt på alvor – «Lokalbank for rikare bygdeliv».

Utskjæringane er for tida utstilte i kommunestyresalen på Evjemoen.

Foto: Geir Daasvatn
Del "Salve Birkås: Storslått kunstgåve frå Evje og Hornnes Sparebank til Evje og Hornnes kommune"