Harald Haugland. Foto: Eskedahl

Setesdalswiki har runda 92.000 artiklar!

Ved månadsskiftet april/mai runda nettleksikonet Setesdalswiki 92.000 artiklar. Eit stort mål på sikt er 100.000 artiklar.

Eit nettleksikon er ikkje som eit trykt leksikon. Alt er ikkje gjort ferdig på førehand. 26. april 2009 blei den første artikkelen lagt ut på nettet. I dei 11 åra som er gått sidan, har talet på artiklar altså auka frå 1 til 92.000! Nye kjem til mest kvar dag.

Datoartiklar

Av dei 92.000 artiklane er rundt 80.000 datoartiklar; ein artikkel for kvar dag frå 1. januar 1800 fram til i dag. Dei fleste av desse artiklane er autogenererte, og utan anna innhald enn sjølve datoen og ein kalender. Men tid om anna blir det lagt inn historiske hendingar i dei eldre datoartiklane. I nyare datoartiklar blir kva som har skjedd i Setesdal den dagen skrive inn, så langt ein av skribentane på wikien er blitt kjent med hendinga. Etter kvart blir datoartiklane difor eit slags historisk arkiv over det som har skjedd i Setesdal.

Ordinære artiklar

Utsikten frå Horgeknipen nordover i Setesdal ein varm sommarkveld i 2014. Foto: Geir Daasvatn

Dei rundt 12.000 andre artiklane er artiklar om alle slags tema. Det er sjølvsagt ein stor og innhaldsrik artikkel om Setesdal. Det er også hovudartiklar om alle kommunane i dalen. Riksveg 9 og Otra er andre større artiklar. Det er eit stort tal med artiklar om personar, og svært mange artiklar om ulike verksemder i dalen. Kulturminner er det mykje om, og ikkje minst er det ei enorm mengde med artiklar om geografiske emne (vatn, dalar, elver, fjell, osb.). Det skal også nemnast at det etter kvart er blitt skrive mange artiklar om emne utanfor Setesdal, men som på ein eller annan måte er knytta til dalen. Såleis er Setesdalswiki på veg til å bli eit nettleksikon ikkje bare for Setesdal, men for heile indre Agder.

Bilete

I mange av artiklane vert det lagt inn eit bilete for å illustrere kva artikkelen gjeld. Det kan vere til dømes eit portrettfoto av ein politikar eller bedriftsleiar, eller eit bilete av fjelltoppen som er omtalt. Det nøyaktige talet på bilete på Setesdalswiki er ikkje kjent. Men det er i alle høve fleire enn 4.000. Såleis er Setesdalswiki også eit verdifullt biletarkiv for Setesdal.

Utsikten sørover frå Fennefossfjellet i Evje og Hornnes 29. desember 2013. Foto: Geir Daasvatn

Orden i kaoset

For å halde eit slags system på alt dette, blir kvar artikkel plassert i ein eller fleire kategoriar. Døme kan vere «Kulturminne i Bykle» eller «Personer frå Bygland kommune». Ved å bruke kategoriane aktivt, kan du ganske lett finne fram til det emnet du er ute etter. Ein annan god måte å finne stoff, er å rett og slett skrive inn eit søkeord i søk-feltet øvst til høgre på sida. Ein tredje måte – og ein svært givande ein – er å finne ein interessant artikkel, og deretter rett og slett å følge dei blå lenkene og sjå kva det fører til av ny kunnskap!

Feilretting

Sidan Setesdalswiki er eit nettleksikon, blir det aldri ferdig eller fullkoment. Vegen vert til mens ein går. Det er framleis ei enorm mengde med emner å skrive artiklar om. Ei anna utfordring er å få oppdatert eldre artiklar til dagens situasjon, eller å få retta feil som blir oppdaga. Målet er at leksikonet skal halde ein høg standard, og då må ein sjølvsagt heile tida vere på utkikk etter feil som bør rettast opp og artiklar som bør supplerast med nye opplysningar. Det som er fint med eit nettbasert leksikon, er at slike feil og manglar kan rettast enkelt og raskt. I papirleksikon som ein brukte før var den mogelegheiten stengt.

Blir Setesdalswiki brukt?

I april 2020 var det 38.000 besøk og 12.000 unike gjestar (ulike datamaskiner) innom Setesdalswiki. Dette gir altså eit gjennomsnitt på 1200-1300 besøk kvar dag den månaden. Dette var noko meir enn tidlegare månader. Om bruken held seg på dette nivået framover, er det ikkje nokon tvil om at Setesdalswiki fyller eit behov, både når det gjeld nytte og kanskje glede.

Eit enorm dugnadsprosjekt

Setesdalswiki er eit dugnadsprosjekt, der kven som helst i prinsippet kan bli med i skrivinga. Det er nokre få, temmeleg faste bidragsytarar, og litt fleire som er med innimellom. Ansvarleg eigar av domenet, og ansvarleg redaktør, er Harald Haugland. Det er umogeleg å rekne ut kor mykje tid som blir brukt på denne dugnaden. Men for dei mest ivrige bidragsytarane er det tale om mange hundre arbeidstimar kvart einaste år. Det er nok bare dei som skriv sjølve som veit kva som ligg bak av innsats. Men det kan sikkert ikkje vere for mykje sagt; å hevde at det Harald Haugland har skapt her er eit lokalhistorisk storverk.

Komen for å bli!

Setesdalswiki blir pr. idag lest og brukt av fleire enn nokon gong tidlegare. Lesarskaren er mangedobla sidan oppstarten i april 2009. Når dette er trenden, kan me trygt slå fast at nettleksikonet for Setesdal er komen for å bli!

Me opplyser for god orden si skuld at Geir Daasvatn som har skrive denne artikkelen, også er bidragsytar/skribent på Setesdalswiki.

 

Del "Setesdalswiki har runda 92.000 artiklar!"