Setesdalswiki – lokal kunnskapsbank

Setesdalswiki – lokal kunnskapsbank

Setesdalswiki – lokal kunnskapsbank 2048 1098 Geir Daasvatn

Nettleksikonet Setesdalswiki veks jamt og trutt. Leksikonet har mange tusen artiklar om alle mogelege emne. Anten du er på utkikk etter opplysningar frå Setesdal generelt eller Evje og Hornnes spesielt, finn du mykje sannsynleg det du leitar etter på Setesdalswiki.

Harald Haugland. Foto: Eskedahl

Setesdalswiki blei etablert i 2009 av Harald Haugland. Han budde den gong i Valle, men held no til i Mandal. I dag er det 91 500 artiklar på wikien. Om lag 80 000 av desse er datoartiklar frå 1. januar 1800 fram til i dag. Men rundt 11.500 emneartiklar gir korte, stikkordsmessige opplysningar om det meste av interesse. Det er artiklar om kommunane i Setesdal, personar, bedrifter, organisasjonar, stader, geografi, historie, kulturminne og mykje anna i regionen. Det er også med relevante ting utanfor Setesdal. Slik sett er Setesdalswiki i ferd med å bli eit leksikon for både Setesdal og indre Agder i det heile.

Samstundes er Setesdalswiki også langt på veg ei nettavis. Kvar dag er det hendingar som blir nemd i datoartiklane.

ALLE kan skrive

Harald Haugland er administrator av sida, og eig domenet http://www.setesdalswiki.no. Han er også ein svært rutinert skrivar på Wikipedia. Ei ganske lita gruppe av trufaste bidragsytarar skriv temmeleg jamnt. Me kan nemne Harald sjølv, Siri Johannessen (Bygland/Valle), Knut Eldhuset (opphaveleg frå Åraksbø), Geir Daasvatn (Evje og Hornnes) og tidlegare den framifrå lokalhistorikaren Reidar Tveito på Byglandsfjord.

Men Setesdalswiki er ei open løysing der ALLE kan skrive. Det er same prinsippet som på Wikipedia. Du kan lett registrere deg og bli med som bidragsytar på Setesdalswiki. Du kan sjølv velge om du vil skrive på nynorsk eller bokmål, eller begge delar. Men du bør ikkje just ha to språkformer i same artikkel.

Feil og rettingar

Geir hjelper gjerne med å rette, om du finn feil! Foto: Privat

Ei utfordring på Setesdalswiki er sjølvsagt å syte for at fakta er korrekte, og å halde artiklane oppdaterte. Men dette er ikkje annsleis enn i eit papirleksikon. På ein digital wiki på kan du rette opplysningar når du blir merksam på feil. Det er ikkje mogeleg om leksikonet er på papir. Du som kjem over feil kan enkelt rette sjølv, om du ynskjer. Eller du kan ta kontakt med Harald Haugland eller Geir Daasvatn, som kan utføre ynskja rettingar for deg. Geir sin E-post er geird@agder.no.

Til nytte – og glede

Ein måte å bruke Setesdalswiki på, er sjølvsagt å søke etter opplysningar du treng der og då. Då brukar du bare søkefeltet oppe til høgre på sida. Men om du er glad i kunnskap til dømes om bygda di, kan du også bare gå inn i ein artikkel, for eksempel den om Evje og Hornnes eller Setesdal, og derfrå følge dei blå lenkene til nye artiklar om andre emne. På dette viset kan du «klikke» deg lenger og lenger inn i interessante og spennande saker og ting. Om du ikkje veit alt om lokalsamfunnet frå før, er det som å dra ut på ei spennande oppdagingsferd! Her kan også nemnast at Setesdalswiki har rundt 4 000 bilete om dei fleste emne i Setesdal og litt til.

Ta ein kikk då vel! God «tur».

 

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!