Sigurd Haugom (fødd 23. september 1927, død 9. juli 2021) var pensjonist dei siste åra og budde i Dåsnesmoen i Hornnes.
I yrkeslivet var Sigurd i Forsvaret. Men eg blei kjent med han gjennom felles interesser i Otra IL. Det var frå den tida familien min flytta til Hornnes, i 1975. Då hadde han alt utretta mykje i livet som eg ikkje kjenner så godt til.
Sigurd var ein umåteleg gild, klok og venleg person. Han var leiar i Helsesportgruppa i Otra IL i over 20 år, frå 1991 til 2011. I 2018, i ein alder av 88 år, var han framleis i full sving som aktivitetsleiar på den faste onsdagstrimmen til helsesporten. Sigurd blei tildelt æresmedlemskap i Otra IL under den store jubileumsfesten i Otrahallen sommaren 2010.
Gravferda var frå Hornnes kyrkje fredag 16. juli, med familie og inviterte til stades.
Takk, Sigurd, for alt det trivelege samværet med deg i idretten og den store innsatsen du la ned i idrettsarbeidet 💝
Geir Daasvatn, idrettsven