I dag 8. mai 2020 er det 75 år sidan frigjeringsdagen 8. mai 1945. Norge var igjen fritt, etter fem år med okkupasjon og undertrykking. Ved Hornnes kyrkje og Evje kyrkje står det minnesteinar med namna på dei frå Hornnes og Evje som sette livet til i kampen for fedrelandet i krigen 1940-1945 , og aldri kom tilbake til heimbygda si. Det var 11 gode menn.
Dei var:
- Oskar Torvald Austenå 1917-1941
- Nils Hegland 1900-1945
- Torleif Jensen Engenes 1923-1942
- Jahn Iver Kornbrekke 1919-1944
- Alfred Ragnvald Moseid 1910-1943
- Alf Juel Stausland 1914-1944
- Olav O. Tveit 1912-1943
- Alfred Ugland 1914-1945
- Jon Hornnes 1904-1944
- Alfred Skaiå 1920-1944
- Jørgen Tambini 1893-1942
Om du klikkar på namnet, kjem du til artikkel på Setesdalswiki med fleire opplysningar.