Langevatn – Åseral

Ved søre enden av Langevatn på Ljosland i Åseral ligg ein svær ny steinfyllingsdam, ferdig i 2020. Frå dammen kan du sykle eller gå vidare på Langevassvegen, om lag åtte km nordover til andre enden av vatnet. Frå enden av vegen er det bare ein kort fottur på rundt tre km på stig til den […]

Dammane ved Skjerkevatn

Ved Skjerkevatn oppe i heia vest for Ørevatn i Åseral er det bygt to svære steinfyllingsdammar som demmer opp Skjerkevatn og Nåvatn til eitt stort, samanhengande magasin for Skjerka kraftverk. Dei erstatta fem gamle betongdammar i Skjerkevatn og Nåvatn. Dammane er spektakulære byggverk, som det er ei stor oppleving å kikke nærare på. Etter planlegging […]

Bykle gamle kyrkje

Bykle gamle kyrkje er  ei av dei minste soknekyrkjene i Norge, og den mest særmerkte i Setesdal. Kyrkja skal vere bygt i 1620, og kunne såleis feire stort 400-årsjubileum i 2020. Men før 1620 må det også ha stått ei kyrkje i Bykle, truleg ei stavkyrkje. Første gong ein kan finne spor av kyrkje i […]

Iveland og Vegusdal bygdemuseum

Iveland og Vegusdal bygdemuseum ligg litt inne i skogen, på garden Fjermedal, like nord for Vatnestrøm i Iveland. Det er eit friluftsmuseum med tradisjonelle bygningar frå Iveland og Vegusdal. Her kan ein sjå bustadhus, stolpehus, eldhus, løe, stall og kvernhus. Den eldste delen av Engeslandshuset er frå 1600-talet. Opprinneleg var museet eit privat gardsmuseum som Aslak Fjermedal etablerte på garden sin. […]

Dam Sarvsfoss – Bykle

Dam Sarvsfoss er ein 50 meter høg, spektakulær betongdam ved Sarvsfossen i Otra i Bykle kyrkjebygd. Dammen er 142 meter brei og hevar vasstanden i elva med 40 meter. På toppen av dammen er det bru med bilveg til Stavenes. Dammen er den mest synlege delen av Brokke Nord, som vart opna av olje- og energiminister Tord Lien 10. oktober 2014. Otra […]

Kongshaugen

Kongshaugen er ein gravhaug, ein rundhaug av jord, i Fossvik ved Fennefossen på Verksmoen på Evje. Han er tidfest til siste halvdelen av 300-talet e.Kr. (yngre romertid). Skrive av Geir Daasvatn Haugen blei arkeologisk undersøkt av riksantikvar N. Nicolaysen i 1882. Då var haugen 30 m i tverrmål og om lag 4 m høg. Då […]