Var dette dei sprekaste setesdalsjentene sist sommar?

Var dette dei sprekaste setesdalsjentene sist sommar?

Var dette dei sprekaste setesdalsjentene sist sommar? 2048 964 Geir Daasvatn



Sundag den 8. juli 2018 vart det arrangert overraskingstur til Kjevik for å hoppe fallskjerm med Kjevik Fallskjermklubb. Solveig Johansen på 72 år, Siv Anita Johansen Bærheim på 41 år, Linn Veronica Johansen på 34 år og Tanja Vatnedalen frå Setesdal tok steget og blei medlemer i den eksklusive gjengen som har hoppa fallskjerm.

Siv Anita Johansen Bærheim saman med instruktør Christian T. akkurat i det fallskjermen opnar seg. Ein befriande augneblink! Foto: Utlånt av Rune Ågedal

Med dei tre Johansen-jentene og eldste son Rune Ågedal, har no halvparten av dei åtte i Johansen-familien på Moisund hoppa ut av eit fint fungerande fly frå 14 000 fot (vel 4 270 meter) over bakken, for å oppleve fritt fall. Resterande oppfordrast til å legge seg i trening og gjennomføre snarast råd.

Rune Ågedal, mamma Solveig Johansen, Siv Anita Johansen Bærheim, Tanja Vatnedalen og Linn Veronica Johansen etter at dei fire siste var vel attende på jorda. Foto: Utlånt Av Rune Ågedal

Kjevik Fallskjermklubb arrangerte ei veke samanhengande tandemhopping frå 4.-11. juli for begeistra sørlendingar. Fallskjermklubben hadde veldig god oppslutning, med opp mot 30 tandemtreningshopp  kvar dag.

Eit anna alternativ for spreke setesdølar kan vere Sylvknapp flyplass i Froland, der det også kan arrangerast tandemhopp i fallskjerm.

Får vi sjå dei fire resterande Johansene i lufta sommaren 2019? Kjem det nye, tøffe jenter frå Setesdal dalande ned frå himmelen i fallskjerm? Bare tida vil vise!

Tanja Vatnedalen inn for landing! Foto: Utlånt av Rune Ågedal

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!