Ja-benken. Foto: Geir Daasvatn

«Veg- og bruminnesmerket som vart til friarbenk»

Nå når det vårast så fint, kjem også gjerne romantikken meir i sentrum. Då er det godt å vite – om du er heldig og det utviklar seg så langt som til eit frieri – at det finst ein eigen Ja-benk til denslags ved Danskeleirstranda, rett ved rundkøyringa på Byglandsfjord.

Lokalhistorikaren Reidar Tveito skriv utførleg om benken i den fine og grundige boka si om bruene på Riksveg 9 og særtrekk langs vegen. Du kan få kjøpt boka mellom anna på Norli Evje. Reidar forklarer at vegen mellom Evje og Vassend blei bygt i 1887. Over utlaupet av Vassendkilen blei det bygt ei bru. Det blei markert med benken som er på bildet her, med årstalet 1887 hoggen inn.

Seinare gjekk ordet om at guten kunne fri til jenta si på Ja-benken, og at han då truleg ville få eit ja, skriv Reidar. Men om han ikkje våga å kome fram med ærendet sitt, og dei blei gåande heilt utover til Nei-benken ved Kalveskinnsupsa, blei jenta lei. Då var sjansen stor for at guten fekk nei 😱 Nei-benken var ei tilmeisla steinhelle, som er skoten vekk i seinare vegomleggingar.

Moralen må vel vere at det gjeld å slå til når ein har sjansen! Kanskje alt denne våren?

Du kan lese mykje meir og sjå fleire bilde om denne artige historia på Setesdalswiki

 

Del "«Veg- og bruminnesmerket som vart til friarbenk»"