Tekst og foto: Øystein Moi
Like sikkert som nattefrosten kjem til dei indre bygder – like sikkert er det at den alderstrygda lensmannsdrengen Harald Kleggetveit kallar inn til felles gymnastikk på Evje skule. Fyrste veka etter haustferien.
Svein Salve Lislevand ( bilete) he teke på seg rolla som frittalande pressetalsmann på vegne av sine spreke – og veltrente sambygdinger. Lislevand opplyser at trenaren blæs i fløyta, presis klokka 19:00, kvar einaste onsdag.
Her kan du sjølv vele mellom styrketrening i idrottshallen, lauging i symjebassenget – eller ei avslappande høgtidsstund i badstoga.
Gutar i alle aldre er hjarteleg velkomen – og du treng så visst ikkje stille i det mest moderne treningtøyet som finnast på marknaden. Du kjem langt med eit par velbrukte stuttebukser – og joggesko av toleg kvalitet.
– Hjarteleg velkomen, kvar og ein, melder pressetalsmann Lislevand entusiastisk. Kom som du er – og me skal take deg vel i mot!