Sigbjørn Kjetså – Multitalent og anleggsbyggar

Sigbjørn Kjetså døydde 27. oktober 2017, 86 år gamal. Ein god sambygding og ein eineståande dugnadsmann blei då borte. Eg skreiv eit lite stykke om Sigbjørn då han blei tildelt Kongens fortenstmedalje i 2010. Me vil gjerne publisere det på nytt, og vonar mange vil minnast Sigbjørn med glede. Stykket er lett omarbeidd etter bortgangen hans.

Det store høgdepunktet under jubileumsfesten til Otra IL i Otrahallen sommaren 2010 kom heilt til slutt: Sigbjørn Kjetså blei saman med Odd Harald Robstad tildelt H. M. Kongens fortenstmedalje i sylv. Eg laga då dette lille samandraget av Sigbjørn sin store innsats innan idrettsarbeidet og skyttarsporten i bygda gjennom meir enn 50 år.

Jordbærkongane

Sigbjørn Kjetså vaks opp på det lille småbruket Neset Nedre på Hornnes, rett attmed jarnbane-stasjonen. Broren, Arnar Kjetså, overtok eigedomen i 1952, og utnytta den vesle jordflekken på om lag 7 daa svært intensivt. Her starta jordbærproduksjonen som Brødrene Kjetså – Jordbærkongane – seinare vart så kjende for. Sigbjørn arbeidde først på saga til Grunde Hornnes. Men i 1962 sa han opp der og gjekk saman med Arnar om å produsere jordbær. På det meste hadde brødrene heile 230 mål jord lagt ut til jordbærproduksjon. Om lag 200 jordbærplukkarar kunne ha sommarjobben sin hos Brødrene Kjetså. Men jordbærproduksjonen er eit anna eventyr som me ikkje skal gå nærare inn på.

Engasjerte seg i idrettsarbeidet

Sigbjørn blei tidleg med i idrettsarbeidet i Hornnes. Me veit at han dreiv med noko idrett sjølv, mellom anna skeising og hopp. Han var óg ein ivrig skyttar. Skyttarkarriere starta tidleg på 1950-talet. Han var framleis ein  aktiv skyttar under Landsskyttarstemnet på Evje i 2009, i klassa over 73 år.

Sigbjørn Kjetså var formann i Hornnes Idrettslag på slutten av 1950-talet, då tanken om å slå saman idrettslaga i Hornnes og på Evje vaks fram samstundes som dei to bygdene våre vart foreina til ein kommune – Evje og Hornnes kommune. Som leiar i det eine av dei to laga spela han såleis ei sentral rolle i skipinga av Otra IL. Han vart óg lagets første nestformann.

Sigbjørn på eit møte i Otra IL i 2009. Foto: Geir Daasvatn

Etter nokre år i styret for det nystarta laget på 1960-talet, gjekk Sigbjørn laus på den oppgåva han kanskje er mest kjend og akta for i bygda i dag: Den store, ja nærast ufattelege, innsatsen han har gjort for å få bygd opp gode idrettsanlegg i bygda.

Det heile byrja i 1976. Gode krefter i bygda hadde sett at den gamle grusbanen og friidrettsbanen ved Hornnes gymnas burde moderniserast. Både gymnasungdomen og bygdeungdomen fortente det. Dei fekk dåverande rektor ved gymnaset, Alf Gudbrandsen, med på laget. Bygdefolket stilte opp og gjorde ein eineståande dugnadsinnsats. Heilt sentral i dette arbeidet var Sigbjørn Kjetså. Han var den som gjennom eit uttal dugnadstimar, praktisk talent og som førebilete viste veg i det praktiske arbeidet. Han brukte eigne maskiner og eigen innsats, seint og tidleg, i dette arbeidet. I 1978 stod «nye» Hornnes stadion ferdig, med ny grasbane for fotball, 400 m løpebane med moderne rødstubb, kastsektor og hoppegrop.

I 1976 byrja Odd Harald Robstad, saman med fleire andre i Otra IL, å sysle med tankar om ein idrettshall i bygda. Etter fleire rundar med Evje og Hornnes kommune, der det synte seg at kommunen ikkje såg seg råd til ei slik storsatsing, stilte Otra IL seg i spissen for arbeidet med å få reist hallen. Aksjeselskapet Otrahallen AS vart skipa i 1982. Sigbjørn Kjetså vart nestleiar i det første styret. Mykje av arbeidet med å reise hallen skjedde på dugnad. Framst i dette enorme dugnadsarbeidet stod Sigbjørn. Igjen stilte han både seg sjølv og maskinene og utstyret til Brødrene Kjetså til disposisjon for fellesskapet. Han hadde både maskiner og utstyr i sving på byggeplassen ved Hornnes gymnas i fleire månader. Otrahallen stod ferdig sommaren 1985.

I 1989 blei Otrahallen utvida med tilbygget på baksida, med lagerrom og styrkerom i 1. etasje og det me i dag ofte omtaler som «Miljørommet» i 2. etasje. Anleggsbyggjaren Sigbjørn Kjetså gjorde den største dugnadsinnsatsen for å få dette tilbygget på plass.

På byrjinga av 2000-talet såg ein i Otra IL kor viktig det var å utvikle treningstilbodet i Otrahallen vidare, slik at ein kunne imøtekome dei nye behova som heile tida utviklar seg i bygda og samfunnet som heilskap. Tanken var at ein måtte leggje til rette for at dei som ikkje søkte seg til organisert trening, også kunne kome til Otrahallen og der finne sitt individuelle treningsopplegg. I 2006 stod «Otrahallen Helse- og treningssenter», det store tilbygget mot aust, ferdig. Sigbjørn Kjetså gjorde ein stor dugnadsinnsats for å få realisert også denne utbygginga.

På denne måten har Sigbjørn Kjetså, saman med Odd Harald Robstad, vore den drivande krafta bak alle dei flotte idrettsanlegga som i dag ligg ved Hornnes gymnas, eller Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes som skulen nå heiter.

Ein «konge» i skyttarmiljøet

Mange ville nok tru at den enorme dugnadsinnsatsen som bare er kort omtalt ovanfor, måtte vere det ein mann kunne klare ved sida av det særs arbeidskrevjande yrket som «Jordbærkonge». Men slik er det ikkje. Ved sida av yrket sitt, og det store engasjementet innan idrettslaga i bygda, har Sigbjørn teke på seg store oppgåver innan skyttarsporten. Han blei formann i Hornnes skyttarlag i 1960, samstundes som han «gjekk av» som formann i Hornnes idrettslag då dette blei ein del av det nye laget Otra IL. Etter attval på attval blei han sitjande som leiar i dette skyttarlaget samanhangande i heile 30 år. I 1990 var denne epoken over, då Sigbjørn sjølv bad seg fri frå vervet. I denne 30-årsperioden var Sigbjørn også i fleire år styremedlem i Agder skyttarsamlag.

Som leiar i Hornnes skyttarlag var Sigbjørn i ei årrekke primus motor for dei to store årlege skyttarstemna Myrkongestemnet (feltskyting) og Sørlandsstemnet (baneskyting). Vidare har Sigbjørn Kjetså vore den drivande krafta i gjennomføringa av heile tre landsskyttarstemne, gjennomført med ulike samarbeidspartnerar og med ti års mellomrom (1989, 1999, 2009). Han var hovedmannen bak Skyttarhuset på Evjemoen, som vart bygd til Landsskyttarstemna på Evje i 1999.

Sigbjørn hadde heile livet ei stor interesse for skyttarsaka, og hadde verv i det «nye» skyttarlaget som etter samanslutning med Evje skyttarlag fekk namnet Evje og Hornnes skyttarlag.

Sigbjørn er tildelt Det frivillige Skyttervesen sitt heidersteikn for fortenestefullt arbeid.

Det er mange som engasjerer seg i frivillig arbeid, men ofte med sterkt avgrensa oppgåver og i ein kortare tidsperiode. Det er naturleg, for familie og arbeid krev for mange det meste av tida. Sigbjørn har gjennom meir enn 50 år engasjert seg i oppgåver som har vore omfattande og som har krevd særs mykje tid og krefter. Idrettsanlegga og skyttaranlegga som ligg på Hornnes og på Evjemoen i dag vitnar om ein 50 år lang og eineståande trufast innsats for idretten, skyttarsporten og bygda vår. Me har mykje å takke den beskjedne, men bestemte og utruleg arbeidsomme og talentfulle Sigbjørn Kjetså for. Tildelinga av Kongens fortenstmedalje i 2010 var ei ærleg fortent heidersutmerking som me alle i Otra IL, i skyttarmiljøet og i heile bygda, helsa med stor glede.

Kjelder:

  • Otra IL sin søknad om Kongens fortenestemedalje til Sigbjørn
  • Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år, jubileumsbok, 2010
  • Ordførar Bjørn A. Ropstad, talemanuskript ved utdeling av Kongens fortenestmedalje til Sigbjørn
  • Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, 1990
  • Uttale frå Evje og Hornnes skyttarlag til søknaden om Kongens fortenestmedalje til Sigbjørn
Del "Sigbjørn Kjetså – Multitalent og anleggsbyggar"