Eventyrslottet på Longerak

Langerak kraftverk er eit vasskraftverk i grenda Longerak i Bygland. Det spesielle kraftverksbygget er vel verdt eit besøk i seg sjølv. Er du i området likevel, til dømes for å gå i turløypa opp til Snipa, har du ein ekstra god grunn til å studere praktbygget litt nærare. Det ligg i skogen, rett på oversida av Riksveg 9.

Skrive av Geir Daasvatn

Kraftverket blei bygd på austsida av Riksveg 9, på Suggeberg si vesthelling, i 1915. Staten let kraftverket byggja for at tuberkulosesanatoriet i Landeskogen skulle få straum, og opphaveleg hadde det tre aggregat. Det nyttar ein del av fallet frå magasinet Longeraksvatnet i Longeraksåni som vert regulert mellom 598 og 594 moh, men sidan det ligg om lag 60 meter høgare enn Byglandsfjorden nyttast ikkje heile fallhøgda på rundt 300 meter. Produksjonen starta i 1916. Kraftverket har no eitt aggregat, og ein samla effekt på er 1,5 MW med ein midlare årsproduksjon på 8 GWh.

I 1925 tok Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen over kraftverket, i 1962 gjekk det over til Aust-Agder Kraftverk. Frå 2001 er det i Agder Energi si eige.

Mellomalderslott

Kraftstasjonen er teikna av arkitekt Kristian Hjalmar Biong, og har forblending i naturstein, med rike detaljar. Stilmessig har den blitt samanlikna med eit fransk seinmellomalderslott eller eit byggverk i engelsk romantikk. Sjølve murarbeidet skal ha blitt utført av den kjende gråsteins-murmeistaren Gunnar Larsen frå Evje.

Longerak kraftverk 28. april 2017. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder: Setesdalswiki med vidare tilvisingar

Kart (Sjå eigedomen Setesdalsvegen 2110)

Del "Eventyrslottet på Longerak"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.