Flåstrondi er namnet på strekninga på austsida av Flåni, frå Flåren bru til Sandnes, i Valle.
Vegmiljø
Postvegen var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Han kom forbi Flåstrondi rundt 1844. Strekninga var ei stor utfordring for dei som bygde vegen. Det var smalt mellom vatnet og fjellveggen. Desto høgare opp i lia ein måtte bygge vegen, desto meir utsett vart veglina for ras og steinsprang.
Det blei gjort store utbetringar på 1930-talet. I 1973 kom det ny bru over Kveasåne. Det var den tredje brua der.
Den siste ombygginga skjedde rundt 2003-2004. Då blei vegen flytta delvis ut i vatnet. Alle dei tidlegare vegane er synlege innanfor dagens Riksveg 9.
Ta ein kikk!
Ovafor Riksveg 9 langs Flåstrondi kan du sjå mange spor etter den gamle Postvegen. Ved Kveasåne er det gamle brukar, og vidare nordover står store delar av dei gamle steinmurane etter vegen att i dalsida. Her kom Ivar Aasen som ein av dei aller første forbi på den nye vegen 26. november 1844, truleg til hest, og du kan ta ein aldri så liten nostalgisk vandretur langs den same vegen.
Kjelder
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 149–151 og kart nr. 21 bak i boka
- Ikkje ein einaste setesdøl var med på å byggje dalevegen, dagboknotat då Ivar Aasen var i Setesdal i to veker for 176 år sidan, artikkel i Setesdølen nr. 98, 2020, side 8–9
Klikk på bileta for forstørring