Agurknytt: Geir Daasvatn med omfattande komposteringsprosjekt

Agurknytt: Geir Daasvatn med omfattande komposteringsprosjekt

Agurknytt: Geir Daasvatn med omfattande komposteringsprosjekt 2048 836 Leif J. Versland
Ein av drivarane av OpplevEvje AS, Geir Daasvatn (59), har just gifta seg og flytta tilbake til barndomsheimen på Farmo i Hornnes. Me har fått nyss i at Daasvatn har gått i gang med eit svært komposteringsprosjekt på eigedomen, med ein tidshorisont på 20-30 år. Dette tykte me høyrdes ut som den reinaste galnesdom – Daasvatn er trass alt ein noko tilårskomen, gråsprengt kar – så me tok turen ned til Farmo for å finne ut litt meir om kva i all verda dette kunne vere.

Rykta om det merkelege prosjektet synte seg å vere meir enn sanne. Daasvatn har verkeleg store komposteringsplanar! Me fann han rett og slett midt oppe på den svære haugen, ned mot furuskogen i bakkant av eigedomen. Han tok velviljug i mot oss, og baud oss plass på ein av trestubbane han har sett opp som ein start på ein palisade han har tenkt å ramme haugen inne med.

Bygdefolk kan få kjøpt god jord rimeleg; på Odde Sagbruk, på søppelplassen på Syrtveit og mange andre stadar. Om det knip, finst det også god jord på Europris Evje, Maskinsalg, Felleskjøpet, bare for å nemne eit par døme. Så kva får derfor Daasvatn til å ta alt slitet med å lage jorda sjølv?

Ein draum som går i oppfylling

– Eg har alltid drøymd om å få til ein bra komposthaug. Eg hadde lenge også eit brennande ønske om å ha eit esel i hagen, men då sette kjærasten for ei gongs skuld foten hardt i bakken. Det er ikkje pengane spart som driv meg når det gjeld komposteringa. Det er sjølve arbeidet med jorda og alt hageavfallet som er så triveleg. Eg kan formeleg sjå frå dag til dag korleis prosessen går føre seg; frå grønt gras til ferdig jord. Eg har inga innsikt i kva det er som skjer reint kjemisk; det eg lærte på skulen om dette er i gløymeboka for lengst. Men å sjå korleis naturen fungerer på nært hald, med eigne augo, gir ei stor glede!

Annonse

Dette er jo ei slags forklaring på «galskapen». Men me kjenner oss ikkje heilt overtydde om nytten og gleda ved dette endå. Så me spør Daasvatn om det er andre grunnar også, til denne fascinasjonen for det som av folk flest truleg reknast omtrent som søppel.

– Det blei diverre korkje proffspelar på Manchester United eller advokat av meg. Eg måtte som kjend heimatt frå England, av di eg lengta så heim til mamma. Advokatyrket gjekk i vasken, då eg blei uforklarleg sjuk og nokre år seinare uføretrygda. Sjølv om kreftene er sterkt reduserte av sjukdom, trengte eg noko meiningsfylt å gjere om dagane. Eg fann raskt ein fin hobby i fotografering. Men som tidlegare idrettsmann trengte eg også å halde meg ørlite granne i fysisk form. Det var ikkje moro å kjenne og ikkje minst sjå kroppen forfalle. I komposthaugen kan eg få brukt mest alle musklane i kroppen, eg kan styre tempoet etter kreftene, eg sparar litt pengar på å sleppe å kjøpe jord til alle dei blomsterbedda kjærasten legg opp til, og eg kan mykje stå på same staden og arbeide. Det siste er blitt viktig, då eg for tida er sterkt hemma av dei gamle fotballskadene og slit med ganglaget. I tillegg til alle desse føremonene, kjem at det er rikeleg tid til å filosofere. Å kaste jorda att og fram krev ikkje all verda av tankekraft. Det som blir til overs kan eg faktisk bruke til å tenke på anna enn kompostering. Så ja, det er særs mykje positivt som følger med det å vere ein «komposteringsfreak».

Følger i slekta sine fotspor

Det er godt med selskap i det møysommelege arbeidet med å snu haugen. Foto: Privat

At me blei noko klokare av dette skal me ikkje påstå. Daasvatn er og blir ein skrue. Men når me kikkar litt nærare på den enorme haugen gråtassen arbeider me, lurar me fælt på korleis han – altså haugen – har kome dit.

– Både bestefar og min eigen far hadde ein komposthaug i hagen. Han låg ei stund inn på naboen sin grunn. Så han blei flytta inn på eigen eigedom for nokre år sidan. Ein av unggutane i Indre Agder Transport kom og gjorde jobben i ein fei. Men det synte seg å vere mykje meir i haugen enn tenkt. Her ligg heile den gamle, mura dusjen i kjellaren, slått i stykker med slegge verkar det som. Heile den gamle verandaen på Farmo ligg også knust inne mellom alt det organiske avfallet. Så her er det ikke bare å vende på avfallet og lage jord. Eg må samstundes gjere ei nøyaktig sortering og ta ut av haugen alt som ikkje kan brukast. Det køyrer eg bort i trillebåra og deponerer på forskriftsmessig vis andre stadar.

Ser langt fram

Eg må innrømme at eg personleg nok finn meg meir til rette i eit litt hippare og meir ungdomeleg miljø enn det Daasvatn søker. Men samstundes kan eg ikkje heilt la vere å bli litt imponert over denne trongen til å leite seg tilbake til det jordnære; til røtene.

Daasvatn er einig med oss i at prosjektet kan virke noko overambisiøst for utenforståande. Men han ser ljost på livet, og reknar med at det kan vere både 10 og 20 år igjen av hans tid på jorda. Så det skal nok bli ei råd med å få sortert haugen og spreidd komposten ut over den svære eigedomen. Om det likevel skulle vere noko att når han ikkje kan meir, reknar han med at dei som overtek eigedomen ein gong vil sette pris på dei store verdiane som ligg i ein slik gjennomarbeidd komposthaug. God jord blir stadig meir setta pris på, og kan kanskje ein gong bli like mykje verdt som gull og grøne skogar, trur Daasvatn.

Fann ei «gullåre»!

Det er hardt arbeid, og svært tidkrevande, å snu og vende på ein komposthaug på fleire tonn. Difor er det ei stor lukke å finne ferdig jord i haugen.

– Eg har spekulert meg fram til kor i haugen den beste jorda kan vere, basert på korleis ho blei flytta av han karen frå Indre Agder Transport som var her med gravemaskinen sin. Med utgangspunkt i det, gjorde eg eit framstøyt langt nede i haugen, omtrent midt på. Der kom eg ganske raskt inn til ferdig kompostert jord, som eg kan hive rett i trillebåra og loffe bort til kjærasten med. Ho kan alltid bruke meir av god plantejord. Så dei dagane eg er litt lei av å snu og vende på haugen, eller bare er i for dårleg form til å arbeide noko synderleg, kan eg likevel finne «gull» i ein fei.

Me må attende til andre gjeremål enn å prate med ein litt underleg kar i ein jordhaug. Me seier høfleg takk for oss. Me tykkjer litt synd om Daasvatn, som har gjeve seg i kast med sånn eit unyttig prosjekt. Men mållaust liv har og ei meining, seier den store diktaren Einar Skjæraasen. Noko er det nok i det. Me veit at Daasvatn kan vere litt eigen og sta, så me ser ikkje heilt bombastisk bort frå at prosjektet hans kan lukkast!

Me gjer til slutt merksam på, om du mot alle odds skulle ha tatt dette på alvor, at det er forsøk på humor!

 

 

 

UTVALGTE BEDRIFTER FRA BEDRIFTSOVERSIKTEN

     

    Hei. Lurer du på noe?

    Send
    ei melding, så hører du fra oss!

    X