Akrobatikk på høgt plan då det store lønnetreet på Hornnes kyrkjegard måtte bort

Mandag var vi forbi Hornnes kyrkje då den svære lønna inne på kyrkjegarden blei tatt ned. Det var kjenningen vår Hans Kenneth Birkeland i Trefelling Agder som hadde jobben, forsterka med innleigde ekspertar frå Trepleie – Ole Sundsdal på Dølemo og Fredriks Trepleie i Risør. Det var spennande, svært interessant og utruleg gøy å sjå korleis ein slik jobb faktisk blir utført.

Hans Kenneth er ein veldig triveleg og humørfylt kar, som vi  blei kjent med då han tinga ei oppføring i bedriftsoversikten på OpplevEvje.no i fjor. Det gav oss ein ekstra god grunn til å svinge innom kyrkjegarden på Hornnes i går, då vi såg den svære bilparken og alt utstyret som var rigga til ved kyrkja.

Les meir om Trefelling Agder i bedriftsoversikten vår

Les meir om Trefelling – Ole Sundsdal

Les meir om Fredriks Trepleie

Kyrkjetenar Torbjørn Leifsen var spent tilskodar på kyrkjebakken. Han dokumenterte sjølvsagt det som hendte med bilete og film. Torbjørn må sitte på ei unik samling av bilete og film frå ulike hendingar knytta til kyrkjelivet gjennom mange år.

– Det svære treet begynte å bli utrygt, forklarte han. Soknerådet bestemte alt for eit par år sidan at treet måtte bort. Fleire av dei tunge greinene stod i fare for å brekke av, og falle ned på kyrkjegarden. Av omsyn til tryggleiken var det ikkje anna å gjere enn å ta ned treet. Arbeidet har dratt litt ut, men no var tida altså komen.

Heile eliten i trefellingsmiljøet på Agder til stades

Hornnes kyrkjegard 28. september 2020. F.v. Morten Drange, Hans Kenneth Birkeland, Ole Sundsdal, Fredrik Stea Wiik og Arne Ramsland (med ryggen til på bakken). For eit lag! Foto: Geir Daasvatn

Det var ein enorm aktivitet rundt treet den tida vi var på staden. Heile fem mann deltok i jobben. Det var nemnte Hans Kenneth i Trefelling Agder, som altså var engasjert av soknerådet for å utføre oppdraget. Hans Kennet hadde med seg Morten Drange, som har vore i sommarjobb i firmaet, og Arne Ramsland. Heilt frå Risør kom Fredrik Stea Wiik i Fredriks Trefelling. Sist, men absolutt ikkje minst, var Ole Sundsdal i Trefelling – Ole Sundsdal med på jobben. Ole er ein føregangsmann og legende i trefellingsmiljøet. Sjølv om han var eldstemann i arbeidslaget, var det han som svinga seg øvst oppe i treet og hadde motorsaga på dei vanskelegaste greinene. Å sjå han hive seg frå grein til grein, med alt utstyret hengande rundt omkring på kroppen, var som eit lynglimt tilbake til ungdomstida og trapeskunstnarane til Sirkus Arnardo – eller kanskje det var Sirkus Merano – på den gamle grusbanen på Evje.

Komplisert jobb

Det med at heile fem mann måtte vere med for å felle eit tre som dette forundra oss noko. Hans Kenneth forklarte:

– Dette er ein svært komplisert jobb. Her må det skje mange operasjonar på ein gong. Eg kunne ikkje gjort han aleine. Tryggleiken til oss som jobbar er sjølvsagt veldig viktig. Så er det dei tunge delane av treet og greinene som må takast ned nær sagt steg for steg. Dei kan ikkje bare kappast av og falle på bakken. Her er vi jo inne på kyrkjegarden, og må vere ekstra nøye med at ikkje noko fell ned og skadar gravsteinar eller andre ting.

Saka held fram under biletet

Fredrik Stea Wiik med full kontroll på seg sjølv, motorsaga og treverket som skal ned. Foto: Geir Daasvatn

Sjølv om vi ikkje har synderleg teknisk innsikt, var det ikkje vanskelig å sjå at dette var komplisert arbeid. Dei som jobba oppe i treet måtte sjølvsagt sikrast og dobbeltsikrast. Så var det tau som måtte riggast til for å fange opp dei svære greinene og delane av stammen etter kvart som arbeidet skreid framover. Nede på bakken var det vinsjar, tau, stropper og anna utstyr som sørga for at delane kom  ned i kontrollerte former, og ikkje med eit brak. Nennsomt fira karane dei tunge delane på opp mot 500-600 kg på det meste ned og ut på utsida av kyrkjegardsmuren. Til slutt blei alt trematerialet rydda pent bort, og hogd opp til flis i ein eigen fliskuttar. Det var rett og slett imponerande, ja beint fram vakkert, å sjå arbeidet bli så fagmessig utført. Det virka litt «vilt» når old-timaren Ole Sundsdal svinga seg på det tøffaste oppe i treet. Men etter kvart skjønte vi at alt var under full kontroll, og at Ole var ein meistar i faget.

Treet måtte ned

Det blei sjølvsagt litt «tomt» på denne delen av kyrkjegarden då det svære treet med det store bladverket kom bort. Kyrkjetenar Torbjørn gav uttrykk for å vere litt spent på korleis reaksjonane ville bli i bygdemiljøet. Men Hans Kenneth var klar i talen:

– Treet var i veldig dårleg forfatning. Det var bra for tryggleiken, og heilt rett, å ta det ned.

Humørfylt – og sterk – gjeng

» – Alle som jobbar for meg må kunne løfte minst 200 kg i benkpress», lo Hans Kenneth då vi talte med han på kyrkjebakken. Vi tykte nok det var ein noko drug påstand. Men nå som vi har fått vite litt meir om Arne Ramsland, skal vi ikkje sjå vekk frå at det kan stemme! Foto: Geir Daasvatn

Arbeidet skreid framover i eit forbløffande tempo. Men heile tida suste det skarpe meldingar og kommentarar gjennom lufta. Det var tydeleg at i trefellingsmiljøet er det stor takhøgde. Ikkje minst kunne eldstemann Ole på over 60 hovere ein del, sprek som ein ungfole som han var der høgt oppe i lufta. Vi kjenner jo ikkje til denne bransjen, anna enn det vi har snappa opp gjennom Hans Kenneth etter at han blei kunde hos oss for eit års tid sidan. Men at Ole er ein legende i miljøet, var ikkje vanskeleg å skjøne. Etter at vi kom heim, gjekk det også opp for oss at Arne Ramsland er noko av ein tøffing. Arne utførte for ikkje lenge sidan eit svært karstykke saman med kompisen Andreas Jakobsen. Dei løfta kvar sin kettlebell godt over 5000 gonger på 12 timar, med ei samla vekt på over 100 tonn! Du kan lese mykje meir om det i ein fin reportasje i Lokalsporten på FVN.no. 

Det er alltid så triveleg å treffe og bli litt kjent med nye menneske. Å sjå desse overmåte flinke fagfolka i aksjon, var ei stor oppleving. Takk for kikken, og for den hyggelege praten. Lykke til med verksemdene vidare!

Hans Kenneth (t.v.) og Ole kan sette tommelen opp for nok eit perfekt utført oppdrag. Foto: Geir Daasvatn
Del "Akrobatikk på høgt plan då det store lønnetreet på Hornnes kyrkjegard måtte bort"